Jobbspesialist
Kvinnherad Marked og arbeidsrettet oppfølging, Nav
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Jobbspesialist
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Nav Kvinnherad søkjer ein engasjert jobbspesialist (IPS) som vil vere med og styrke tilbodet vårt for personar som treng støtte på vegen mot arbeid og aktivitet. Du vil få ei sentral rolle i å kartlegge arbeidsevne, gi individuell rettleiing, samarbeide med arbeidsgivarar og tiltak, og vere ein viktig støttespelar for brukarar på veg mot jobb eller utdanning. Målgruppa du vil følge opp er personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusutfordringar.
Arbeidet skjer i tett samarbeid med Folgefonn DPS (Odda og Valen). Du har arbeidsstad på DPS og jobbar integrert i behandlingsteamet, med tilsetjing i Nav Kvinnherad. Tenesteområde omfattar både Kvinnherad og Ullensvang kommune.
Hos oss blir du del av eit tverrfagleg miljø med 36 tilsette, der vi saman jobbar for å skape moglegheiter for innbyggjarane i Kvinnherad. Brenn du for arbeidsinkludering og relasjonsbygging? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Nytta IPS-metoden for å hjelpe menneske med psykiske vanskar og/eller rusutfordringar ut i jobb eller utdanning.
- Følgje opp inntil 20 deltakarar og støtte dei på vegen mot arbeid eller utdanning.
- Kartleggje kva deltakarane ønskjer, kva dei kan, og kva som passar for dei.
- Motivere deltakarar og samarbeide med eksterne samarbeidspartar som for eksempel arbeidsgivarar, skular og pårørande.
- Oppsøke bedrifter og utdanningsinstitusjonar for å skape kontakt og finne moglegheiter.
- Vere ein støttespelar for deltakar og arbeidsgivar før, under og etter jobbstart.
- Delta i behandlingsteam og samarbeide tett med helsetenesta.
- Samarbeide med Nav og andre tenester om deltakar treng hjelp med bustad, økonomi eller sosiale forhold.
- Dokumentere arbeidet i Nav sine system og følgje rutinar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Fullført utdanning tilsvarande bachelor, fortrinnsvis innan sosialfag, psykologi eller sal- og marknadsføring. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- Personar med yrkesfagleg bakgrunn eller erfaring frå privat næringsliv kan vurderast som aktuelle.
- Erfaring frå relasjonsarbeid og arbeid med menneske
- Gode norskkunnskapar. Om ein har eit anna morsmål enn norsk eller skandinavisk, ønsker vi at du dokumenterer språknivå tilsvarande B2.
- Gode digitale ferdigheiter.
- Førarkort klasse B
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS
- Erfaring frå oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging
- Kompetanse innan rettleiing
Kva ser vi etter hos deg
- Kommuniserer godt og bygger trygge relasjonar med ulike menneske
- Er god til å motivere og inspirere
- Har god oversikt, prioriterer godt og handterer uventa hendingar
- Trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat
- Er sjølvgåande, fleksibel og har sterk gjennomføringsevne
Kvifor velje oss
- Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Moglegheit til å utgjera ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Stillinga er løna som rådgivar i lønsspenn 622 000 - 643 000 pr. år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Marte Strømme, Avdelingsleiar Nav , 94439395, marte.stromme@nav.noErlend Hellingsrud, Konst. poliklinikkleiar Folgefonn DPS , 47260535, erlend.hellingsrud@helse-fonna.no
Agnes Reksc, Metoderettleiar IPS, 90143818, agnes.reksc@nav.no
Arbeidssted
Sentrumsvegen 295460 Husnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5045086602
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
071789dd-6f14-4e8a-931f-caea46004170
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dd865ead14eb412ba568acd346a04662
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Stord DPS
Sted
Stord
Klinisk sosionom
Arbeidsgiver
Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Næromsorg As
Sted
Stord