Instituttleiar ved Institutt for framandspråk
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Instituttleiar ved Institutt for framandspråk
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. september
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstituttleiar ved Institutt for framandspråk
Vil du vere med å utvikle eit internasjonalt, dynamisk og spennande forskings- og undervisningsmiljø?
Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen søkjer instituttleiar ved Institutt for framandspråk (IF) med tilsetjing frå 25.03.2026. Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar med tilsetjingsperiode på fire år, med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.
Stillinga som instituttleiar ved IF er både utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. Du vil arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige og inspirerande kollegaer, der du skal vera med på å forme eit institutt slik at både tilsette og studentar får gode vilkår for læring, utvikling og trivsel. Som leiar for den faglege og administrative staben har instituttleiaren høve til å påverke og forme instituttet som arbeidsplass, studiestad, fageining og samfunnsaktør. Som instituttleiar får du eit særleg ansvar for å sikre eit inkluderande og fagleg stimulerande læringsmiljø, vidareutvikle kvaliteten i utdanninga og sikre gode rammevilkår for både lærings- og studiekvardagen.
Du må vere ein aktiv leiar som stimulerer til utvikling og samarbeid innanfor og utanfor instituttet. I stillinga vil du få godt høve til å utvikle deg sjølv som leiar i nær samhandling med leiargruppa ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. Du vil ta del i den faglege og organisatoriske verksemda på både fakultets- og universitetsnivå, og du får dermed stor innverknad på utviklinga av humaniora som fagfelt.
Institutt for framandspråk har om lag 60 fast vitskapleg tilsette, rundt 20 ph.d.- og postdoktorstillingar og 11 administrativt tilsette. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Det blir undervist og forska i disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, historie/kulturkunnskap og didaktikk.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
Instituttleiar har det overordna ansvaret for den samla faglege og administrative verksemda ved instituttet. Instituttleiaren har fullmakt til å prioritere og gjere strategiske val innanfor instituttet sine samla ressursar, med unntak for dei sakene som skal avgjerast i instituttrådet.
Leiaren sitt ansvarsområde omfattar strategisk og fagleg-politisk leiing og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning og formidling ved instituttet. Gjennom tett samarbeid med fagtilsette og studentar skal instituttleiar bidra til å sikre høg fagleg kvalitet i studieprogramma.
Utvikling og drift av forskingsaktiviteten er ein del av den faglege leiinga. Det høyrer med til instituttleiar sine oppgåver å motivere tilsette til å skaffe ekstern forskingsfinansiering og oppmuntre til forskingsformidling. Instituttleiar har ansvar for det internasjonale samarbeidet ved instituttet.
Stillinga har arbeidsgjevaransvar ved instituttet, ansvar for HMS-tiltak og administrasjon, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker. Instituttleiaren har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innafor rammevilkår gitt av fakultetsstyret.
Vi søkjer ein instituttleiar som:
- Bør ha professorkompetanse.
- Har fagleg-administrativ leiarerfaring frå sektoren eller andre komplekse organisasjonar med faglege oppgåver.
- Har god kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking, utdanning og forskingsfinansiering for fagområda ved instituttet.
- Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved universitetet er norsk.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga, og den som vert tilsett må ha solide evner til å kommunisere, samarbeide, motivere og utøve leiarskap i den vidare utviklinga av instituttet.
I tillegg blir det lagt vekt på:
- Evne til strategisk tenking og planmessig handling innanfor gjevne ressursrammer.
- Evne til å arbeide resultatorientert mot fastsette mål.
- Evne til og erfaring med personalleiing og økonomistyring.
- Evne til å motivere og leggje til rette for samarbeid og gode relasjonar til dei tilsette.
- Evne til å ivareta studentperspektiv gjennom aktiv involvering av studentane i instituttet si utvikling.
Hos oss får du:
- Interessante og utviklande leiaroppgåver.
- Eit fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- Løn i stillingskode 1475 vert fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 1 134 700 - kr 1 205 800, avhengig av kompetanse og erfaring.
- For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar og tilbod om trening i arbeidstida.
- Mogeleg fast stilling etter utløp av to heile åremålsperiodar.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan, professor Camilla Brautaset på telefon 55 58 23 06 / 473 29 832 eller e-post camilla.brautaset@uib.no, eller til fakultetsdirektør Kim Ove Hommen på telefon 55 58 93 41 / 908 85 702 eller e-post kim.hommen@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via funksjonen ”Søk stillinga” på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
067d2350-c6f8-422f-9e06-a40dea4dc612
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260647