Hopp til innhold

Vil du bli vår nye teamleiar?

Arbeidsgiver

Fact Sikkerheit avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus,

Sted

Sjukehusvegen 15, 5451 Valen

Om jobben

Oppstart
26. oktober 2026
Stillingstittel
Teamleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

FACT Sikkerheit har ledig stilling som teamleiar.

Her får du ei sentral rolle i eit fagmiljø som gir langsiktig og heilskapleg behandling og oppfølging til pasientar med behov for tett og koordinert oppfølging.

Teamet arbeider etter Forensic FACT-modellen og følgjer opp pasientar som er dømde til behandling og/eller er underlagt tvungent psykisk helsevern. FACT Sikkerheit er organisert som poliklinikk og er knytt til Eining for sikkerheit og Eining for sikkerheit og rehabilitering.

Vi samarbeider tett med 16 kommunar og er ein del av sikkerheitskjeda i Helse Fonna. Som teamleiar blir du ein viktig del av arbeidet med å sikre gode, samanhengande pasientforløp på tvers av tenester og nivå.

Søk no og bli ein del av Fact Sikkerheit.

Kva går jobben ut på?

  • Stliinga er kombinert leiarstilling og klinisk stilling
  • Som teamleiar har du det overordna drifts ansvaret for teamet. Du skal sikre at den daglege drifta skjer i samsvar med lover, forskrifter og interne retningslinjer.
  • Realisere eininga sine oppgåver i tråd med avdelinga sitt mål.
  • Bidra til at eininga har systematisk utvikling av tenestene og høg fagleg standard.
  • Bidra til godt samarbeid internt og med eksterne samararbeidspartar.
  • Ansvarleg for oppfølging av medarbeidarane og legge til rette for utvikling.
  • Pasientbehandling i tverrfagleg team 
  • Arbeid med strukturert valdsrisikovurdering
  • Behandling og oppfølging av pasientar i overgangsfase mellom sentralsjukehus, DPS og kommune
  • Vere ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet på postane
  • Polikliniske tenester med oppfølging av utskrivne pasientar. Det største pasientgrunnlaget er på Haugalandet
  • Rettleiing til lokale oppfølgingstenester ved 4 DPS i føretaket, samt kommunar i opptaksområdet
  • Poliklinisk oppfølging av pasientar på dom og på tvang utan døgnopphald i institusjon.
  • Fact Sikkerhet har ei utadretta verksemd med reiser, direkte rettleiing og oppfølging av utskrivne pasientar og samarbeidspartar i heimkommune
  • Teamet driftar eit Sinnemestringskurs etter Brøsetmodellen i kommuner 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Høskuleutdanna eller anna relevant høgare utdanning innan helse eller sosialfag
  • Ynskeleg med erfaring og kompetanse innan sikkerhetspsykiatri.
  • Ynskjeleg med leiarerfaring
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Ha gode leiaregenskapar og samarbeidsevner
  • Evne til nytenkning og målretta arbeid
  • Høgt engasjement med evne til å motivere medarbeidere
  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vere fleksibel og ha evne til å vurdere heilskapeleg
  • Vere lojal i høve til avgjerdsler

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs.
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon.
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +47 53466407

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 15
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5169140730
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 26.10.2026
Søknadsfrist: 13.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Marianne Lund Anderssen

Avdelingsleiar

+47 53466407

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0637d18b-70cc-4e32-b507-723928680591

Sist endret

25. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6e77fe44780e4848b6889df82641fdea

Lignende annonser

Laster lignende annonser