Psykolog/psykologspesialist
Vestland Kompetansesenter for arbeidshelse, Nav
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog, Nav Arbeidsrådgivning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. oktober
Nav Kompetansesenter for arbeidshelse har ei ledig stilling som psykolog i avdelinga Nav Vestland Arbeidsrådgiving. Vi ser etter deg som ønsker å bidra til Nav sitt samfunnsoppdrag – å gi menneske moglegheiter.
Nav Arbeidsrådgiving er ei av tre avdelingar i Kompetansesenter for arbeidshelse, saman med Senter for jobbmeistring og dei rådgivande overlegane i Nav Vestland. Vi er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter med fagkompetanse innan arbeidshelse, arbeidspsykologi, pedagogikk og metodar for kartlegging og rettleiing.
Arbeidsrådgivingstenesta er geografisk plassert i to regionar; Bergen og Sunnfjord, men deltek også i tverrfagleg saksdrøfting, undervisning og rettleiing ved Nav-kontor i andre regionar. Du må difor rekne med noko reiseverksemd i samband med jobben. Stillinga som tilsettast har kontorstad Bergen.
I avdelinga for arbeidsrådgiving blir du ein del av eit team på ni tilsette med seks psykologar/psykologspesialistar og tre pedagogar/spesialpedagogar. Vi leverer tenester til Nav-kontora i Vestland fylke, og samarbeider tett med rettleiarar, jobbspesialistar og rådgivande legar. Tverrfagleg samarbeid er ein sentral del av arbeidskvardagen.
Arbeidsoppgåver
- arbeidsretta rettleiing og utgreiing av personar med ulike utfordringar knytt til funksjonsevne i arbeid
- kartlegging av ressursar og føresetnader hos personar, sett opp mot krav og moglegheiter i arbeidsmarknaden
- synleggjere brukarar sine ressursar og moglegheiter for deltaking i arbeidslivet
- vurdering av bistandsbehov med omsyn til moglegheiter for deltaking i arbeid, sett i samanheng med funksjonsevne og helse
- rettleiing og rådgiving til rettleiarar ved Nav-kontor
- bistand til brukarar med komplekse og uavklarte bistandsbehov
- saksdrøfting i samarbeid med interne eller eksterne samarbeidspartar
- tematisk og fagleg undervising
- jobbe tverrfagleg innan fagområdet arbeidshelse
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- norsk autorisasjon som psykolog
- erfaring med utgreiing- og kartleggingsarbeid
- svært gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- god erfaring med bruk av grunnleggjande digitale verktøy og arbeidsformer, innan Microsoft (Outlook, Word, PowerPoint, Teams)
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå arbeid i Nav, og kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og arbeidsmetodar, eller erfaring frå arbeid med menneske som har utfordringar knytt til arbeid
- erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta, PPT eller tilsvarande
- erfaring med tverrfagleg samarbeid og teamarbeid
- erfaring med å leie og gjennomføre tverrfaglege møte
- erfaring med fagformidling, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har:
- gode relasjonelle evner
- arbeider målretta, strukturert og effektivt
- samhandlar godt med andre og trivst med tverrfagleg teamarbeid
- gode evner og interesse for å drive rettleiing og opplæring
Vi tilbyr
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- variert og tverrfagleg samarbeid
- fagleg utvikling og oppfølging innafor relevante fagområde for stillinga
- aktive og engasjerte kollegaer
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- tilsetting i stillingskode 0794 Psykolog eller 1304 Psykolog med godkjent spesialitet. Lønnsspennet per år er frå kr. 700 000 til kr. 730 000 for 0794 Psykolog, og kr. 840 000 til kr. 890 000 for 1304 Psykolog med godkjent spesialitet. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
Kontaktinformasjon
Linn Merethe Hagedal Bæra, Kontorsjef, 40827552, linn.merethe.hagedal.bera@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 5010939538
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
062e9ae8-1184-44fa-907f-d3e263b521d9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cd6af16318814e5fb9d1ff45362e4dad