Pasientkoordinator
POLIKLINIKK BARN OG UNGDOM VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Pasientkoordinator
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. september
Er du ein innovativ og utviklingsorientert pasientkoordinator som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg!
Vi har nemleg no ledig eit 80% vikariat som pasientkoordinator ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale fram til 1.februar 2026.
Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus.
Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.
Arbeidsoppgåver
- Administrere ventelister
- Pasientadministrative oppgåver: koordinering, elektronisk handtering av post, dokumentasjonsarbeid, tilvisingar, ventelister, timeoppsett og telefonarbeid
- Registrering i vårt datasystem Helseplattformen
- IKAP prosedyrar
- Koordinere elektive innleggingar på sengeposten og nyfødt intensiv
- Kontroll på styringsinformasjon
- Ordinert sekretærarbeid, samarbeid med sekretærane i poliklinikken
Kvalifikasjonar
- Erfaring som helsesekretær er ønskeleg, evt. anna relevant helsefagleg utdanning/erfaring
- Erfaring som pasientkoordinator
- Medisinsk forståing/kompetanse for ulike prosedyrar
- Arbeidserfaring frå sjukehus og innehar ei forståing for pasientflyten i eit sjukehus
- Du har gode datakunnskapar
- Efaring med Helseplattformen
- Du viser gode framstillingsevner, - både munnleg og skriftleg er nødvendig
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
Personlege eigenskapar
- Du har god serviceinnstilling til kollega, pasientar og pårørande
- Du er fleksibel og handterar variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgåver
- Du er strukturert, nøyaktig og har god orden
- Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Du har ei positiv haldning til varierte arbeidsoppgåver
- Du har gode datakunnskapar
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Ingvill Hareide, Seksjonsleiar, Ingvill.Hareide@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5175578987
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
062c30fd-b626-4d4a-bce9-ba947eb10148
- Sist endret
5. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
025f0dd62e4f4380a50ac6b38813c3c8