Fagarbeidar 100 % fast stilling - Bufellesskap
Vang Kommune, Miljøtenesta
Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar 50-100 % fast stilling ved Bakkehaugen bufellesskap
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. november
Vil du vere med å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for menneske med behov for tilrettelagte tenester?
Vang kommune søkjer fagarbeidar til fast stilling i Tilrettelagte tenester. Stillinga er for tida ved Bakkehaugen bufellesskap, og inngår i årsturnus med arbeid dag, kveld og helg.Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid med fokus på meistring og livskvalitet
- Praktisk bistand, opplæring og veiledning i tråd med helse- og omsorgstenestelova § 3-2
- Sikre brukarmedverknad i alle delar av tenesteytinga
- Samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer 
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan relevant helsefag (helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar m.fl.)
- Fagskuleutdanning i målretta miljøarbeid er ynskeleg
- Erfaring frå arbeid med målgruppa
- Gode ferdigheiter i bruk av IKT og elektronisk pasientjournal
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt 
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeidsevner og trivst i team
- Er lærevillig og open for utvikling
- Er fleksibel, løysingsorientert og nytenkande
- Er stabil, lojal og tålmodig
- Har evne til å planleggje og gjennomføre oppgåver sjølvstendig
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er ein kollega ein kan stole på 
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og variert stilling i eit inkluderande arbeidsmiljø
- God opplæring og fagleg rettleiing
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Ved intern tilsetting kan annan stilling bli tilbudt søkjarane jf. HTA.
Kontaktinformasjon
Marita Østborg, Leiar Bakkehaugen, 90580097, Marita.Ostborg@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51502975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 5033495697
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
- Vang kommune er ein tobakksfri arbeidsplass og ein kan ikkje nytte tobakk i betalt arbeidstid.
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
- Sektor 
- Offentlig 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 05ee7a5a-8bc7-4fe7-aae5-31ee0afb9838 
- Sist endret
- 27. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 2fbb40ff51b64b288e079a5e7b833cb5 
Lignende annonser
Tilkallingsvikarer innen Tilrettelagte tenester
Arbeidsgiver
Vang Kommune, Miljøtenesta
Sted
Vang i Valdres
Støttekontakt og avlastar i Tilrettelagte tenester
Arbeidsgiver
Vang Kommune, Miljøtenesta
Sted
Vang i Valdres
Helsefagarbeider i hjemmetjenesten
Arbeidsgiver
Ringebu Kommune Hjemmetjenesten Fåvang
Sted
Ringebu, Innlandet