Seniorrådgjevar
Digitaliseringsdirektoratet
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Havnegata 48, 8900 Brønnøysund, Lørenfaret 1 C, 0580 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. september
Om stillinga
Saman med EU skal vi byggje verdas mest moderne eID-infrastruktur i åra som kjem. Digdir speler ei viktig rolle i innføringa av store og viktige forordningar som eIDAS2.0 og Single Digital Gateway. Dette gjer vi gjennom nasjonale innføringsprosjekt og gjennom deltaking i europeiske storskalapiloter. For å løyse desse oppgåvene treng vi å sikre at norsk og europeisk offentleg forvaltning og næringsliv arbeider saman om innføringa av desse.
Vi søkjer no etter ein seniorrådgjevar som skal hjelpe oss å sikre ei god innføring aveIDAS2.0. (digitale lommebøker), og bidra til at vi varetar norske interesser i implementeringa. Hjå oss får du ein variert og spanande arbeidskvardag. Saman med engasjerte og kompetente kollegaer skal du vere ein pådrivar for ein enklare digital kvardag for både innbyggjarar og næringsliv i Noreg.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta rollen seniorrådgjevar på juridiske problemstillingar knytt til eIDAS-regelverket og anna relevant regelverk som Single Digital Gateway. Rolla krever inngåande kjennskap til EU-systemet samt saksprosessen i EU og EØS.
- Bidra til å gjennomføre handlingsplanen for eIDog produktstrategiar på tillitstenesteområdet
- Inngå i team for innføring av eIDAS2.0, med særleg vekt på arbeidsstraumen om lovarbeidet for innføring av forordninga.
- Bidra inn i arbeidet med European Business Wallet
- Samen med andre delta i arbeidsgrupper under EDICG (samarbeid med EU)
- Delta i eller leie utgreiingar som er relevante for fagområdet
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitenskap
- Erfaring frå arbeid i EU med forordningar på digitaliseringsfeltet
- Erfaring frå prosjektleiing
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Vi legg sterk vekt på at den vi tilset er personleg egna
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ og utviklar arbeidsoppgåvene saman med kollegaene dine
- Du er sjølvstendig og tek ansvar for å få jobben gjort
- Du er strukturert og har ei systematisk tilnærming til oppgåver
- Du er god på å setje deg inn i nye problemstillingar og formidle desse vidare
- Du kommuniserer klart og tydeleg
- Du må kunne sikkerheittsklarerast på nivå HEMMELEG
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
- familievennleg personalpolitikk
- lønn som seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 700 000 – kr 1 100 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
- fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening ukentlig i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jon Håkon Odd
E-post: jonhakon.odd@digdir.no
Telefon: +47 47706922
Gruppeleiar Gunn Cecilie Timberlid Hundere
E-post: gch@digdir.no
Telefon: +47 93091743
E-post: gch@digdir.no
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 400 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
056fb8b9-d480-4884-8d1a-82a7526dcdbe
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262442