Prosjektutviklar kraftproduksjon
Sogn og Fjordane Energi
6721 Svelgen, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektutviklar kraftproduksjon
- Type ansettelse
- Annet, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. januar
Prosjektutviklar kraftproduksjon
Vil du vere med og skape den fornybare framtida?
Noreg er avhengig av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Vi skaper den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt.
Vi satsar ambisiøst på ny fornybar kraftproduksjon og søkjer inntil to personar for å styrke laget vårt innan utvikling og bygging av nye vind- og vasskraftverkprosjekt.
Som prosjektutviklar i SFE får du ei sentral rolle i utviklinga av nye kraftverk – frå tidleg fase og konsesjonsprosessar til realisering og bygging. Prosjekta våre går over fleire år og krev både fagleg styrke, tolmod og evne til å stå i komplekse prosessar over tid.
Det er ein fordel om du har erfaring med kraftutbygging og både prosjektutvikling og prosjektleiing er relevant. Du har evne til å bygge relasjonar og skape tillit hos våre interessentar – som er både myndigheiter, politikarar, lokalsamfunn, grunneigarar, leverandørar og ulike samarbeidspartnarar. Du er god på både munnleg og skriftleg kommunikasjon og evner å sjå ei sak frå fleire sider.
Du har høgare utdanning og sterke analytiske evner, og bør ha innsikt i konsesjonsprosessar, plan- og bygningslov og miljøkrav. Vi set også pris på at du kan samarbeide tett med både tekniske, juridiske og økonomiske fagmiljø, samtidig som du er trygg i deg sjølv og kan jobbe sjølvstendig og målretta innafor dine ansvarsområde. Er du initiativrik og har gjennomføringskraft er vi spent på å bli nærmare kjent med deg!
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsstad kan vere ved hovudkontoret på Sandane, eller ved eitt av våre kraftverksanlegg i Svelgen, Ålfoten eller Mel.
Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknadsfrist er 31. januar, men vi er på jakt etter folk løpande og gjer vurdering av kandidatar undervegs. Er du interessert, ikkje nøl med å sende din søknad!
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Arild Bruland 911 09 397 eller Lars Johan Sivertsen 481 44 328.
Søk på stillingen via “Søk på stilling” - knappen på denne siden.
Kontaktpersoner for stillingen
Lars Johan Sivertsen
481 44 328
Arild Bruland
911 09 397
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
054805c5-a8b0-4547-84db-ccb2ddd4ebbb
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4553189
Lignende annonser
Prosjektleder Fornybar Energi
Arbeidsgiver
Norconsult
Sted
Flekke
Arbeidsgiver
Sognekraft Produksjon AS
Sted
Vik i Sogn
Forretningsutvikler
Arbeidsgiver
SFE AS
Sted
Sandane