VVS-ingeniør
Nordplan AS
Eit av våre avdelingskontor, 6770 Nordfjordeid, Hybridkontor
Om jobben
Vil du jobbe i eit tverrfagleg miljø som er i utvikling, og samtidig ha friheita til å velje kvar du skal bu? Då kan Nordplan vere arbeidsplassen for deg! Vi nærmar oss 100 tilsette, og no treng vi deg som er VVS-ingeniør med på laget for å utvikle framtidsretta løysingar saman med oss.
Stillingstittel
VVS-ingeniør
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi ser for oss at du er ein fagleg engasjert person som er løysningsorientert og initiativrik. Du kommuniserer godt med kollegaer og kundar, og du ønsker å formidle eigen kunnskap og rettleie kollegaene dine. Vi ser etter ein person som vil vere med å utvikle eit større energi-miljø i ei faggruppe som nærmar seg 20 medarbeidarar. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:
-
Bachelor- eller Mastergrad innanfor relevant fagområde
-
Erfaring som rådgjevar innanfor VVS-faget
-
Beherskar verktøy som Revit, AutoCad, Solibri og ISY beskriving
-
Relasjonsbyggjar og kundeorientert
-
Tek initiativ og delar di erfaring og kompetanse
-
Arbeidar strukturert og målretta
Arbeidsoppgaver
-
Prosjektering av VVS-anlegg i ulike bygg, frå bustader, kontorbygg, skular, næringsbygg til industribygg
-
Styre prosjekt for både einsfaglege og tverrfaglege oppdrag i avdelinga
-
Utrekning og dimensjonering av VVS-tekniske anlegg
-
Utarbeiding av beskrivingar og arbeidsunderlag
-
Tilstandsvurderingar av bygg
-
Rådgjeving og utarbeiding av løysingsforslag for byggherre og entreprenør
-
Økonomioppfølging i eigne oppdrag og bidra med generelt marknadsarbeid i avdelinga
Fagleg blir du ein del av seksjonen for <<Energi, Miljø og Prosjektadministrasjon>> i selskapet. Denne stillinga kan vere tilknytt eitt av våre mange kontor.
Vi tilbyr
-
Fleksibilitet til å velje arbeidsplass. Om du vil bu i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg, er opp til deg. Vil du heller jobbe frå byen, eller ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så finn vi løysingar for det. Vi likar sjølvsagt aller best at du er innom eit av våre kontor slik at vi får ha det sosialt saman òg. Uansett kvar du vil jobbe frå finn du eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på desse stadane: Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Florø, Ørsta/Volda, Ålesund, Molde, Bismo, Vågåmo, Otta, Lillehammer, Kolbotn/Oslo, Bergen og Reykjavik.
-
Vi er eit selskap i vekst, så her er moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling -- spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke folk rundt deg.
-
Arbeidstid som gir rom for balanse mellom prosjektmål og privatliv.
-
Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med varierte og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om på prosjekt sida.
-
Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
-
Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet ved sine respektive kontor.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side -- for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.
Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04dce091-90f0-41cf-b489-acfc7e62d8a1
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
04dce091-90f0-41cf-b489-acfc7e62d8a1