Sokneprest i Sunnhordland prosti med Fitjar sokn som tenestestad
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Fitjarsjøen 9, 5419 Fitjar
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest i Sunnhordland prosti med Fitjar sokn som tenestestad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Vi har ledig stilling som sokneprest i Sunnhordland prosti, med Fitjar sokn som tenestestad. Vi ser etter deg som kan identifisera deg med kyrkjelyden sin visjon: «Nær Kristus – nær menneske».
Fitjar sokn har felles grenser med Fitjar kommune. Fitjar dekkjer nordre halvdel av øya Stord og mange tilliggjande øyar og holmar. Kommunen har vel 3200 innbyggjarar, omlag 2500 av desse er medlem av kyrkjelyden. Fitjar har vakker og frodig natur som innbyr til friluftsliv både til sjøs, til fjells og i låglandet. Øyriket er eit eldorado for båtfolk. Vi har både barnehagar, barneskular, ungdomsskule og vidaregåande skule i kommunen.
Soknet har éi kyrkje som ligg fint til i Fitjar sentrum. Det er også ein velhalden gravplass som omkransar kyrkja. Kyrkja er ein lun og tiltalande lafta trebygning frå 1867. Ho vart grundig oppgradert og fekk nytt orgel ved 150-årsjubileet i 2017. Det er setekapasitet til omlag 350 menneske. Oppslutnad om gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement er god. I 2024 var det 26 døypte, 28 konfirmantar og 27 gravferdar.
Staben tel for tida sokneprest, kyrkjelydspedagog, kyrkjeverje, kantor, vaktmeister/gravplassarbeidar og kontormedarbeidar. Kyrkjekontoret litt i sentrum på Fitjar.
Kyrkja står sterkt i Fitjarsamfunnet og har godt samarbeid med ulike sider av kulturlivet. Mange frivillige medarbeidarar tek del i det kyrkjelege arbeidet. Fitjar er kjend som ei god dugnadsbygd. Fitjar har eit rikt foreiningsliv og misjonsengasjement som i stor grad er knytt til arbeidet på bedehusa i soknet. Det er eit godt samarbeid mellom kyrkje og bedehus.
Prosten i Sunnhordland leiar prestetenesta og samlar jamleg prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging. Alle prestane har prostiet som tenestedistrikt, Sunnhordland prosti er eitt beredskapsområde.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Kyrkjelydsbyggjande arbeid
- Medlem i Fitjar sokneråd
- Deltaking i konfirmantopplegget i samarbeid med kyrkjelydspedagog
- Prest i bygda, vidareutvikle banda mellom folk og kyrkje
- Alle prester inngår i tenesteveker med gravferd og vigsel etter oppsatt plan i dei tre sokna på Stord
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarende / master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Engasjement for prestetenesta og å utvikle kyrkja lokalt
- God evne til å kommunisera med ulike aldersgrupper
- Vere ein lagspelar med ønskje om god samhandling med tilsette, råd, utval og frivillige medarbeidarar
- Gode eigenskapar knytt til leiing
- Evne og vilje til samarbeid
- Søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsordning hos KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsrettleiing (ABV)
Andre opplysningar
Fitjar sokn har nynorsk som målform.
Søkjar må ha førerkort og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Kontaktinformasjon
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276Arild Steinsland, Prost i Sunnhordland, 91555580
Arbeidsstad
Fitjarsjøen 95419 Fitjar
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 5037867453
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Arild Steinsland
Prost i Sunnhordland
91555580
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme
93612276
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04d68d21-64f3-42d8-acb0-21cd6c96fd92
- Sist endret
6. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
67f7a87521724b89a333844dd15215e1
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Sted
Bergen
Kyrkjelydspedagog - kateket
Arbeidsgiver
Stord Kyrkjelege Fellesråd
Sted
Stord
Vernepleier / Omsorgsperson for funksjonshemmede
Arbeidsgiver
Fitjar Kommune Avd Gartneritunet Bofellesskap
Sted
Fitjar