Vil du vere med å drifte og vidareutvikle kritisk digital infrastruktur?
Enivest
Firdavegen 5, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Nettverksingeniør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk snarest mulig
**Vil du arbeide med kritisk digital infrastruktur?**Enivest er ein regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Vi har over 28 000 privatkundar og meir enn 2 000 linjer til bedrifter og offentlege verksemder. Vårt tilbod omfattar breiband via fiber, TV- og strøymetenester frå Telia og Altibox, samt telefoni- og WiFi-løysingar.
No søkjer vi ein nettverksingeniør som vil vere med og drifte og vidareutvikle nettverket vårt, og sikre kvalitet i ei infrastruktur som mange er avhengige av kvar dag.
Kva ventar deg som nettverksingeniør hos Enivest?Som nettverksingeniør hos oss vil du jobbe med utvikling, planlegging og drift av tenester i eit moderne ISP-nett. Du vil arbeide med løysingar for internett og VPN-tenester, og bidra til å sikre stabilitet, kapasitet og kvalitet i infrastrukturen.
Arbeidet omfattar konfigurasjon, testing og driftsetting av nettverksutstyr i aksess-, distribusjons- og kjernenettet. Du vil òg delta i vaktordning og handtere overvaking av nettverket, feilsøking og handtering av hendingar knytt til drift.
I tillegg vil du ta del i prosjekt for kapasitetsutviding, modernisering og tryggleikstiltak i nettverket, og bidra med dokumentasjon og eventuelt automatisering av driftsoppgåver.
Stillinga inngår i avdelinga nettverk , og rapporterar til driftssjef .
Ønskjeleg erfaring
-
Erfaring med Cisco IOS / IOS-XR , routing , switching og MPLS-baserte nettverk
-
Erfaring med drift og sikkerheit i større nettverk (ISP /NOC /bedriftsnettverk)
-
God forståing av BGP , OSPF , Multicast , IPv6 og routing i operatørnett
-
Erfaring frå drift av nettverk i ISP -, telekom - eller operatørmiljø
-
Interesse for eller erfaring med å ta i brukAI-baserte verktøy for feilsøking , analyse , dokumentasjon eller automatisering i nettverksdrift.
-
Høgare teknisk utdanning **(ingeniør/sivilingeniør) --**relevant erfaring kan kompensere
Det viktigaste er ikkje kva du har gjort tidlegare, men kven du er. Ikkje nøl med å søke sjølv om du ikkje treff på alle punkt, det gjer ikkje vi heller .
Bli ein del av EnivestHos oss vil du få gode utviklingsmoglegheiter i eit inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer som støttar og inspirerer kvarandre. Vi legg stor vekt på å satse på våre tilsette, og fremje ein delingskultur med korte linjer og samarbeid på tvers av fagområder og avdelingar.
Vi tilbyr gode velferdsordningar og fleksible løysingar som gjer det lett å kombinere arbeid og kvardagsliv. Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og er aktiv i fleire lokale initiativ og prosjekt. Vi jobbar for å auke attraktivitet og bulyst i regionen, samt leggje til rette for lokal vekst og verdiskaping.
I Enivest verdset vi mangfald og trivsel på arbeidsplassen, og vi er opptatt av å legge til rette for at våre tilsette skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal -- 904 79 470 / daniel@visere.no
Vi ser fram til å motta din søknad og CV.
Alle søknadar vert behandla fortløpande.Om bedriften
Elektroniske kommunikasjonsnett er grunnmuren i det digitaliserte samfunnet, og Enivest er ein del av den. Selskapet vart skipa i år 2000, og er i dag ein leiande aktør på nordvestlandet. Vi leverer breiband basert på fiber til i overkant av 28.000 privatkundar og 2.000 bedriftslinjer. I tillegg til breiband leverer vi tenester som TV- og strøymetenester frå Telia, samt telefoni- og WiFi-løysingar til både privat- og bedriftskundar. Vi er 60 tilsette med tyngda fordelt på hovudkontoret i Førde, og ved avdelingskontora på Etne, Tysnes, Florø, Sandane, Stryn og i Sogndal. Sjå meir om Enivest på nettstaden vår: www.enivest.no.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
045d5ed7-b6f5-4cf5-90df-5b382b1371ae
- Sist endret
26. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
438402211
Lignende annonser
Driftsoperatør
Arbeidsgiver
Renasys AS
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Norconsult
Sted
Førde
Prosjektleder
Arbeidsgiver
Førde Sementvare AS
Sted
Førde