Tilkallingsvikar Hjellbakkane barnehage
Hjellbakkane Barnehage
Gamletufta 3, 6104 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar barnehage
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Engasjement, deltid 1%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Alternativt kan du sende søknad via e-post til silje.rokstad.gronning@hjellbakkane.no
Hjellbakkane barnehage søkjar etter tilkallingsvikarar.
Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vokse, i eit trygt fellesskap!!Hjellbakkane barnehage har som mål at alle barn skal oppleve bevegelses glede og glede i samhandling med kvarandre og naturen kvar dag. Barna skal få gode opplevingar, og vi ynskjer at dei skal ta med seg gode vanar og erfaringar vidare i livet. Hjellbakkane barnehage flyttar heile barnehagen ut til ein anna lokasjon 5 veker i året (2 på hausten, 1 på vinteren og 2 på våren), so eit engasjement for friluftsliv og natur er nødvendig når ein er i vår barnehage.
Vi ynskjer tilkallingsvikarar som bidrar og gir av seg sjølv, som setter barnet i fokus, og vil vere med å skape gode og innhaldsrike kvardagar for barna.
Vi søkjer deg som kan tiltre raskt i stillinga og som oppfyller følgande kompetansekrav:
-
Gode allmennkunnskapar.
-
Stor interresse for friluftsliv og natur.
-
Interesse for arbeid med barn.
-
Samarbeidsevne og fleksibilitet.
-
God kommunikasjonsevne.
-
Hjarte for barn
-
Relasjonsorientert
-
Løysingsorientert og fleksibel
-
Stort engasjement og positiv haldning
-
Raus og tydeleg, leken og ambisiøs
-
Attraktivt pedagogisk konsept (Skogsmulle pedagogikken)
-
Aktivt fagmiljø og engasjerte kollegaer
-
Godt arbeidsmiljø med fleire menn i barnehagen
-
Tariffavtale (PBL)
Politiattest må framleggas før tilsetting.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Hjellbakkane Barnehage Hjellbakkane barnehage er ein ideell privat barnehage tufta på ein natur- og friluftsprofil. Barnehagen vart opna i 1987, og er organisert i ei stifting med eigne vedtekter. Hjellbakkane barnehage er ei pedagogisk verksemd for barn frå 0 - 6 år. Drifta er forankra i barnehagelova med forskrifter, mellom anna rammeplan for barnehagen sitt ansvar og sine oppgåver.
"Hjellbakkane barnehage skal fremje fysisk aktivitet ute i naturen året rundt"
Vår visjon er:
"Hjellbakkane barnehage, eit trygt fellesskap i samhandling med kvarandre og naturen".
Gjennom å vere i samspel med naturen og kvarandre, ynskjer vi at barna i Hjellbakkane barnehage skal oppleve leik og meistring. Dei skal få høve til å undre seg over det som skjer i naturen i dei ulike årstidene, og dei skal få erfare korleis vi bygger glede og omtanke for miljøet og naturen rundt oss. Vi ynskjer at barna skal få gode opplevingar i naturen.
Vi har frå august 2024 34 barn og 11 faste ansatte fordelt på to basar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0417ee03-9015-4ac6-8d3a-ae4b970aff07
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0417ee03-9015-4ac6-8d3a-ae4b970aff07