Sakshandsamar
Statens vegvesen
Årødalen, 6422 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Sakshandsamar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Om stillinga
Me har ei ledig stilling som kunderettleiar/sakshandsamar ved Molde trafikkstasjon. Du må rekne med reising til andre trafikkstasjonar i området .
Som kunderettleiar/sakshandsamar er du ein del av førstelinja i Trafikant- og køyretøydivisjonen. Du møter kundane våre i skranken, gir rettleiing og utfører sakshandsaming . Me ser etter deg som trivast med kundekontakt, har gode formidlingsevner og liker å kombinera service med styresmaktsutøving.
Me er i stadig utvikling, og fleire oppgåver blir løyste digitalt. Difor må du vera komfortabel med endring og ha vilje til å læra nye system. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø der me hjelper og støttar kvarandre, og du får god opplæring før du jobbar sjølvstendig.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde for stillinga.
- Kundebehandling og rettleiing i skranke, på e-post og telefon.
- Sakshandsamar etter vegtrafikklova og tilhøyrande forskrifter.
- Registrering av køyretøy (bestilla skilt, krevja inn avgifter, ferda ut vognkort).
- Utferding av førarkort og kompetansebevis.
- Andre oppgåver kan bli aktuelle.
Du må trivast med å handheva lover og forskrifter, samtidig som du gir god kundebehandling. Av og til kan regelverket avvika frå ønska til kunden, men målet vårt er alltid å sikra ei positiv oppleving.
Vår arbeidskvardag er hektisk og detaljrik, så det gjeld å halde hovudet kaldt .
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
- 3-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Omfattande relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Førarkort klasse B.
Dersom utdanning er teken i utlandet kreves det autorisert omsetjing og godkjenning frå HKDIR.
Vi legg også vekt på:• Evne og vilje til å læra nye system og verktøy.
• Erfaring frå relevante fagområde.
Personlege eigenskapar:Vi søkjer ein kollega som:
• Er strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllande.
• Er serviceinnstilt og komfortabel med styresmaktsrolla.
• Har godt humør og gode samarbeidsevner.
• Tek initiativ og blir motivert av resultat.
• Er sjølvstendig, men spør om hjelp når det trengst.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø. Er du klar for å bidra til trygg og effektiv trafikkforvaltning? Då vil me gjerne høyra frå deg!
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Divisjon Trafikant og køyretøy (TK) har ansvar for det meste av det som har med førarkort og køyretøy å gjera i dette landet. Me utviklar regelverket innan våre fagfelt og kontrollerer at dette blir følgt av trafikantar, bileigarar, verkstader, trafikkskular og transportbedrifter. Me har rundt 1400 tilsette over heile landet og møter publikum kvar dag, både fysisk, i telefonen og digitalt. Dei digitale sjølvbeteningsløysingane våre gjer at me er tilgjengeleg heile tida.
Me jobbar kvar dag for at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
039e2a08-ef6c-429f-95c7-a6ba8cb052f7
- Sist endret
5. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269184
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Molde, Tiller
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Molde
Rådgivere/seniorrådgivere
Arbeidsgiver
Molde kommune Drift og forvaltning
Sted
Molde