Tilkallingsvikarar Tennfjord skule, Vatne barneskule og Vatne ungdomsskule
Haram kommune
Tennfjordvegen 137, 6264 Tennfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar Tennfjord skule, Vatne barneskule og Vatne ungdomsskule
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. juni
Dei tre skulane på Vatne og i Tennfjord har behov for tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2024-2025. Vi er også interesserte om ein kan arbeide delar av ei veke eller i periodar. Skriv gjerne i søknaden kva som er av interesse.
Vi søkjer deg som har lyst til arbeide med barn og ungdom, og bidra til ein trygg, inkluderande og læringsfremmande kvardag. Dei tre skulane ligg i nærleiken av kvarandre og alle ligg i naturskjønne omgivnader med mange moglegheiter til å nytte naturen rundt seg.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. "Bli med på vårt team og ver med å forme framtida."
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på å gje gode heilskaplege tenester. Vi skal derfor jobbe for å spele kvarandre gode og arbeide fleksibelt på tvers av tenestene.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning (lærarstilling).
- Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for det enkelte barn.
- Gje barn positiv oppfølging og støtte.
- Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i kvardagen.
- Bidra til tett og godt samarbeid mellom skule og heim.
- Følgje opp enkeltelevar etter behov, både fagleg og sosialt.
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse og/eller relevant fagkompetanse for lærarstilling.
- Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage er positivt.
- Søkjar må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
- God digital kompetanse.
- Tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Godt vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på det enkelte barn.
- Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
- Vi søkjer deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trivst i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å gjere ein forskjell i barn sine liv.
- Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme.
- Eit engasjert lokalmiljø som ønskjer å bidra til ein god og trygg skule.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø.
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar.
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Siv Hege Saltnes Klokset, Rektor Tennfjord skule, +4790867331, Siv.Hege.Saltnes.klokset@haram.kommune.noRanveig Velle Vedeld, Rektor Vatne barneskule, +47 90 53 24 30, Ranveig.Velle.Vedeld@haram.kommune.no
Oddmund Davik Otterlei, Rektor Vatne ungdomsskule, 46833026, Oddmund.Davik.Otterlei@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Tennfjordvegen 1376264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4907689010
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 20.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2842630
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7d884a8b2b27479092accc56e39edaca