Fadder- og mangfaldskoordinator (mellombels)
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Fadder- og mangfaldskoordinator (mellombels)
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. oktober
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:
Fadder- og mangfaldskoordinator (to 50%-stillingar)
Velkomstveka er ofte det første møtet med Universitetet i Bergen (UiB) for nye studentar. Den er difor viktig for å legge eit godt grunnlag for ein god start på studia og ein ny kvardag. Velkomstveka er ei innhaldsrik veke med mange ulike aktivitetar og arrangement, der vi har som mål å legge til rette for eit mangfaldig tilbod til alle studentgrupper. Det er mange bidragsytarar som deltek for å gje alle nye studentar ein best mogleg studiestart.
Vi lyser ut to 50 % stillingar. Stillingane er mellombelse og tilsetjingsperioden strekker seg frå november ut august 2026.
Fadderaktivitetar er ein viktig del av velkomstveka og skal bidra til at dei nye studentane blir kjente med kvarandre, universitetet, og med studentbyen Bergen. Koordinatorane skal, i dialog med fakulteta, dei studenttillitsvalte og leiinga sentralt, bidra til å sikre at programmet for velkomstveka legg til rette for en god studiestart som bidrar til fagleg-sosial inkludering.
Arbeidsoppgåver:
- Legge til rette for eit breitt tilbod av aktivitetar, og inkluderande fellesarrangement i velkomstveka som retter seg mot ei mangfaldig studentgruppe
- Vere med å utforme eit program for velkomstveka som legg til rette for at alle studentar kan delta og føler seg inkludert
- Arrangere fadderkurs og sikre god opplæring og innføring i rolla som fadder for nye studentar
- Ha tett kontakt med leiinga og dei studenttillitsvalte både sentralt og på fakulteta
- Vere kontaktpunkt for koordinatorar frå andre utdanningsinstitusjonar i byen, og for arrangement i samarbeid med andre institusjonar
- Planlegge og gjennomføre introdag for nye studentar hausten 2026
- Følgje opp tiltak som studiestasjon og språk kafé i samarbeid med Universitetsbiblioteket
Det skal skrivast rapport frå arbeidet. Sidan arbeidet med velkomstveka er i utvikling, kan arbeidsoppgåvene endre seg som følgje av dette.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fersk kjennskap til studentlivet og høgare utdanning
- Kunnskap om, og erfaring med inkludering- og mangfaldsarbeid
- Erfaring med utvikling og gjennomføring av kurs er ein føremon
- Relevant utdanning
- Erfaring fra studentfrivilligheit, prosjekt eller organisasjonsarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjonsevner
- Systematisk, metodisk og strukturert
- Service- og løysingsorientert haldning
- Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
- Engasjement for feltet
Ved vurdering av søkarane, vil vi legge vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillingane.
Vi kan tilby:
- Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende
- Interessante utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 587 000 – 635 000 tilsvarande 100% stilling, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Studieavdelinga på UiB v/ Underdirektør Torunn Valen torunn.valen@uib.no, tlf: 55586632, rådgjevar Martin Kahrs Lie martin.lie@uib.no, tlf: 55585114 eller seniorrådgjevar Iren Igesund iren.igesund@uib.no, tlf: 55589483.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
034f4a28-b512-4063-be9f-b82eec8f57ab
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262550