XL-BYGG Roald søkjer Proffselgar
Sverre Roald AS
Nørestranda 45, 6040 Vigra
Om jobben
- Stillingstittel
- Proffselgar byggevare
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
XL-BYGG er ei av landets største byggevarekjeder med over 90 butikker rundt om i Norge. Vår ambisjon er å vere den leiande faghandelen innan trelast og byggevarer. Kvar dag jobbar vi i XL-BYGG etter mottoet "Den hyggelege eksperten" . Vi ønskjer å fokusere på det som verkeleg betyr noko når ein skal bygge - nemleg å kunne tilby kvalitetsverktøy, gode materialar og ikkje minst profesjonell og hyggeleg hjelp.Sverre Roald AS er medlem i XL-BYGG og aksjonær i Mestergruppen og profilerer seg utad somXL-BYGG Roald. Saman med søsterselskapet RoaldHus AS har vi totalt 14 tilsette, ei nesten 80-årig historie og eit solid økonomisk fundament. Vår verksemd er trelast- og byggevaresalg samt bustadbygging. Ein av våre tilsette går over i ny stilling og vi søkjer derfor PROFFSELGAR BYGGEVARE.
Vi søkjer etter ein motivert proffselgar med godt humør og som trivast i eit til tider hektisk miljø der kvalitet og god kundebehandling vert sett i høgsete. Vi søkjer deg som gir det lille ekstra, og som skil seg ut med entusiasme og stort engasjement. Du speiler våre kjerneverdiar -Blid, Ekte og Proff , og bidreg med å forsterke verdiarbeidet i organisasjonen.
-
Salg av trelast og byggevarer
-
Tilbud, salg og ordrebehandling til proff- og forbrukarmarknaden
-
Vere rådgivar, tilretteleggar og vegleiar for kunden i byggtekniske spørsmål
-
Oppfølging av avtaler
-
Kalkulasjon av prosjekt
-
Fokus på marknad, igangsetting av prosjekt og nye kundar
-
Erfaring med prosjekt- og proffsalg, gjerne frå byggevarebransjen
-
Relevant utdanning, fagbrev som tømrar, fagskule bygg eller tilsvarande
-
Analytisk - avdekke kunden sine behov, fungere som ein kompetent rådgivar
-
Sjølvstendig, utadvendt, serviceinnstilt og ansvarsbevisst
-
Generelt god datakunnskap og kjennskap til digitale verktøy som hjelpemiddel
-
God lagspelar og gode samarbeidsevner
-
Flytande norsk, skriftleg og munnleg
Vi kan tilby ei utfordrande stilling der det ligg til rette for fagleg og personleg utvikling saman med engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
Meir informasjon om stillinga får du ved å vende deg til Snorre Roald tlf. 70189417.
Vi behandlar søknader fortløpande.
Om bedriften
Det å byggje hus er ein omfattande prosess, der ein startar med grunnmuren, og legg stein på stein. På same måten har firmaet Sverre Roald AS vorte utvikla sidan slutten på 40-talet. Det som i dag er eit velrenommert bygg- og bustadvarefirma, starta som ein liten snikkarverkstad på Vigra. Sverre Roald flytta til Gjøsund i 1957, og dreiv då med møbel-utsalg, snikkerverkstad og trelastlager.
Hus starta vi med i 1973. To år seinare vart RoaldHus ein realitet, eit hussystem utvikla og produsert av Sverre Roald AS. Etter jamn og god vekst i mange år, vart det ei stor utviding i 1979, og dagens lokalitetar tok form.
I 2002 la vi til sides det eigenutvikla hussystemet RoaldHus og meldte oss inn i HellvikHus-kjeda. Sverre Roald AS vart aksjonær i Nordek AS og medlem i trelast og byggevarekjeda BK Byggkjøp i 2003. Endra namn til XL-BYGG i 2009 og er i dag ein del av Mestergruppen.
Firmaet er idag delt i to driftsselskap og presenterer seg under profilane, XL-BYGG Roald, Sverre Roald AS, og HellvikHus, RoaldHus AS.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
032b182c-7655-4503-b83a-4ba2494fe302
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
383221228
Lignende annonser
Proffselger
Arbeidsgiver
Byggfag AS
Sted
Ålesund
Prosjektleder
Arbeidsgiver
HS Bygg AS
Sted
Stryn, Møre og Romsdal, Vestland, Hareid, Sunnfjord, Ålesund
Anleggsleder bygg og anlegg
Arbeidsgiver
HS
Sted
Møre og Romsdal, Vestland