Kokk - 100 % fast stilling
Stiftelsen Røde Kors Nordisk Unitec World College
Hauglandsvegen304, 6968 Flekke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kokk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Vi søkjer deg som er nøyaktig, flittig og oppteken av å ha det kjekt på arbeid saman med gode kollegaer, og som ynskjer å gjere ein forskjel. Vi har som mål at matopplevinga hos oss skal vere sunn, fristande, reflektere skulen sitt ideal om bærekraft og gje elevar og gjestar gode matopplevingar.
Per i dag er det ti tilsette som arbeider i heil- eller deltidsstillingar ved kjøkkenet. Tre av desse er kokkestillingar, som alle er faste og 100 %. Vi har no behov for å tilsette enno ein flink person for å erstatte ein av våre faste kokkar. Du vil rapportere til Operational Service Manager (OSM) og samarbeide nært med resten av kjøkkenteamet.
Ansvars- og arbeidsområde-
Kokkane våre er teamleiarar, og har ansvar for drift av kjøkkenet på sine skift samt oppgåver knytt opp mot bestilling av varer.
-
Kokkane inngår i ein turnusplan med arbeid morgon, middag og kveld, og sidan skulen er heim for omlag 200 studentar så vil det også inngå helgarbeid kvar tredje veke i turnusen.
-
Internkontroll (IK mat)
-
Bestilling og god handtering av mat- og andre varer
-
Produksjon av varmmat, kaldmat og salatbar
-
Fagbrev som kokk
-
Erfaring frå liknande stillingar
-
Kunnskap og interesse for internasjonal mat og vegetarmat
-
Evne til å yte god service til elevane og gjestane våre
-
Vi brukar norsk som arbeidsspråk på kjøkkenet
-
Interesse for mat
-
Ynskje om å vere del av eit team som er ein særs viktig del av skulen
-
Ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i Team
-
Ha høg integritet og kan trivast med arbeid i eit dynamisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jamfør UWC sine verdiar og misjon
-
Ein strukturert arbeidskvardag med høve til ulike kurs og eigenutvikling
-
Løn etter KS tariff
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Tilgang til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter sine basseng og treningsrom
-
Tilgang til ulike utandørsaktivitetar, organisert gjennom skulen
Om bedriften
UWC Røde Kors Nordisker ein internatskule for 200 elevar i alderen 16-19 år, frå meir enn 80 ulike land. Elevane gjennomfører eit to-årig studieprogram - International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen starta opp i 1995, og feirar 30-års jubileum i år. Skulen er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa, og ligg idyllisk plassert ved Flekkefjorden i Fjaler kommune på Vestlandet. Skulen har omlag 70 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWC Connect AS har ansvar for andre aktivitetar som mellom anna leirskule, sommarleirar og som vertskap for ulike grupper som kjem for å oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar bygg på eigedomen.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
02f20d57-cc28-4d51-8b09-1ad6f5542e4b
- Hentet fra
FINN
- Referanse
428619985