Er du vår nye assisterande lagerleiar?
Encon AS
Dalsmoen 5, 5709 Voss, 5709 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande lagerleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
Encon AS søkjer ein ansvarsfull og engasjert assisterande lagerleiar til vårt lager på Voss. Du vil ha ei viktig rolle i den daglege drifta. Me ser etter ein person som ynskjer å utvikle seg saman med oss og vere ein stabil ressurs for laget over tid.
Encon er ein fullsortimentsgrossist med eit breitt vareutval, der kvalitet i alle ledd står i fokus. Vi skal alltid vere til stades for kunden, og i rolla som assisterande lagerleiar er det avgjerande å forstå at Encon er ei servicebedrift.
Ansvarsområde-
Støtte og erstatte lagerleiar ved behov - leie, motivere og følgje opp medarbeidarar.
-
Sørgje for effektiv og nøyaktig drift i alle delar av lageret (kjøl, frys, frukt og grønt, og tørrlager).
-
Sjå behov, ta initiativ og sikre at nødvendige oppgåver blir løyst.
-
Sikre nøyaktig vareflyt, plukking og pakking - med fokus på kvalitet og kundetilfredsheit.
-
Bruke lagersystemet til effektiv og korrekt drift.
-
Oppretthalda god orden og ryddig lager.
-
Du må ha høg arbeidskapasitet, jobbe effektivt, være lærevillig og nøyaktig.
-
Gode datakunnskap - erfaring med lagersystem er ein fordel.
-
Systematisk og ryddig.
-
Evne til å sjå behov i den daglege drifta.
-
Munnleg og skrifteleg norsk.
-
Erfaring frå arbeid i kjøl, frys og tørrlager er ein fordel.
-
Kunnskap om frukt og grønt blir sett på som ein fordel.
-
Truckførarkurs er ein fordel.
-
God til å kommunisere og samarbeide.
-
Evne til å handtere hektiske dagar og omstillingar.
-
Løysingsorientert, proaktiv og med godt blikk for detaljar.
-
Har eit langsiktig perspektiv på stillinga, og ynskjer å vere med å bygge vidare på utviklinga av lageret vårt.
-
Fast stilling.
-
Spennande og variert arbeid i eit veksande selskap.
-
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
-
Me oppmodar kvinner til å søkje.
Arbeidstid: Primær arbeidstid vil variera mellom 06:00 til 16:00. Ein må pårekna enkelte helgar og kveld.
For informasjon om stillinga ta kontakt med lagerleiar Kevin på kevin@encon.no eller telefon 41232636.
Send søknad og CV til kevin@encon.no
Søknadsfrist 15.oktober. Søkarar blir tatt inn fortløpande.
Tiltreding: Etter avtale.
Om bedriften
Encon AS er eit fullsortiments grossistselskap og ein del av selskapet DLVRY. Gjennom fellesskapet i DLVRY ligg styrken av fleire samarbeidspartnarar, med brei kompetanse innan varehandel, import og produktkunnskap.
Encon leverer eit variert sortiment til eit mangfald av kundar. Gjennom året er det sesongvariasjonar, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Difor er det avgjerande med medarbeidarar som ynskjer å bidra til kvalitet og presisjon i alle ledd -- frå lager og logistikk til kundane sine dører.
Distribusjonen omfattar heile Vestlandet og Hallingdal, med fokus på påliteleg leveranse og gode løysingar for kundane.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
02cd80b8-8a41-40eb-8876-db4aac471335
- Hentet fra
FINN
- Referanse
427464225