Vil du bli trainee i et oppstartsselskap som skaper fremtidens løsninger?
Restorae
Vikemarkråsa 36, 6065 Ulsteinvik, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Ingeniørtrainee
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
**Generelt om traineestillinga:**Vi ser etter ein ingeniør innan maskinteknikk, men kan også vurdere nokon frå marin, produktdesign eller lignende. Personen vil bli ein del av Restorae sitt utviklingsteam i Ulsteinvik.
Kvalifikasjonar:Vedkomande bør kunne eit av dei vanlege CAD-verktøya for 3D- og 2D-konstruksjon og ein viss kunnskap om marint maskineri er ønskjeleg. Mekanikerfagbrev eller praktisk erfaring med maskiner er positivt. Det vil vere ein fordel å ha vore på noko sjøen, anten i jobb eller fritid. Både norsk og engelsk vil vere nødvendig å beherske godt.
Eigenskapar:Du må vere oppteken av natur og klima. Restorae fokuserer på havet og derfor er det viktig å trivest på båt då vi utvikler teknologi som skal vere nettopp på båt. Vi ønskjer oss nokon som likar å eksperimentere og har oppfinnarvilje i seg, og er genuint interessert i teknologi. Elskar du både naturen og teknologi er du perfekt for Restorae!
Å jobbe hos Restorae:Vi er eit lite team, så ein trainee får mykje påvirkningskraft og få prøve seg på eit ekte oppstartseventyr. Kontora våre er sentralt i Ulsteinvik, så det er nødvendig å bu i nærleiken, i alle fall på Søre Sunnmøre. Det blir teknologiutvikling av typen «fail fast» samtidig som vi skal ha industriell oppskalering i tankane. Du vil aldri lure på mål og meining om du jobbar hos oss.
Spring TraineeGjennom denne stillinga er du tilknytt Spring Trainee. Dette er eit eittårig traineeløp der du får tilgang til sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for di vidare karriere. Vi tilbyr
-
Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk
-
Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter
-
Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear
-
Eittårig traineekontrakt med moglegheit for fast tilsetting
Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Møre og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted