Har du lyst på ei spennande stilling i apotek?
SIB Sjukehusapoteket i Bergen, Sjukehusapoteka Vest
Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Apotektekniker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. oktober
Som apotekteknikar hos oss bidrar du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte. No har vi behov for å styrke gjengen vår ytterlegare, og har fem faste stillingar ledige.
Fire av stillingane er ved Sjukehusapoteket i Bergen på Haukeland universitetssjukehus, medan éi stilling blir delt mellom apoteket på Haukeland og apoteket vårt på Haraldsplass diakonale sjukehus. På Sjukehusapoteket i Bergen får du rundt 145 dyktige og engasjerte kollegaer å jobbe saman med. På Haraldsplass møter du eit mindre, men også svært kompetent team på sju medarbeidarar.
Hos oss får du sjansen til å utvikle deg fagleg og prøve deg på ulike arbeidsområde i ulike avdelingar, for eksempel: Vi lagar spesialtilpassa legemiddel til pasientar, vi sørger for at avdelingane på sjukehusa får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept.
Rolla som apotekteknikar er sentral i vår vidare utvikling. Gjennom tett samarbeid med Helse Bergen er vi med på å forme framtidas løysingar for trygg og god legemiddelhandtering i sjukehusa. Det kan gi spennande moglegheiter for deg som vil vere med og utvikle faget vidare.
Vi forventar ikkje at du har erfaring med alle oppgåvene frå før, men at du har lyst og interesse for å lære.
Elles ser vi etter deg som ønskjer å bidra til levere gode tenester til sjukehus og pasientar, som likar å ta på seg nye oppgåver, som set pris på å samarbeide med andre og har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling ein jobbar i, det kan vere mellom anna:
- produksjon av cytostatika og andre tilsetnadsprodukt
- reinhald av produksjonsrom og tilhøyrande utstyr
- kundehandtering i avdeling for sjukehusekspedisjon, både på telefon og fysisk, samt levere tenester ute på post
- resept- og ordrehandtering i publikumsavdelinga
- rågjeving og sal av medisinar og apotekvarer til pasientar og kundar
- å delta i beredskapsvaktordning kan bli aktuelt
Andre oppgåver kan også tilfalle stillinga ved behov.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg at du har norsk autorisasjon som apotekteknikar.
- Du har relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna.
- Du som har anna relevant helsefagleg utdanningsbakgrunn eller ønskjer å jobbe med desse arbeidsoppgåvene, er også velkommen til å søke og å bli vurdert.
- Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du har gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Du ønskjer å bidra til gode og trygge tenester for sjukehusa.
- Du er fagleg trygg, nøyaktig og har fokus på kvalitet i arbeidet.
- Du er fleksibel, tek ansvar og jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre – og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
- Du likar ulike arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag.
Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø, med vekt på kvalitet og kompetanse
- fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppgåver og kompetansebygging
- eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor
- lønn i samsvar med gjeldande avtalar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Waled Al-Zayadi, Sjukehusapotekar, waled.al-zayadi@sav.noArbeidsstad
Jonas Lies vei 895021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka VestReferansenr.: 5028640142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
02af6f57-2b60-4484-a8a8-cb8bcc267a20
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8ac11effc1a641cca8a456bb5273129a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ravnanger apotek AS
Sted
Hauglandshella
Arbeidsgiver
Eidsgåg apotek
Sted
Eidsvåg i Åsane
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF
Sted
Bergen