Sommarjobb i Vestland fylkeskommune
EIU - Eigedom og utbygging, Vestland fylkeskommune
5750 Odda, 5943 Austrheim, 5008 Bergen, 5649 Eikelandsosen, 6963 Dale i Sunnfjord, 6770 Nordfjordeid, 6800 Førde, 5730 Ulvik, 6993 Høyanger, 5916 Isdalstø, 5460 Husnes, 5210 Os, 5282 Lonevåg, 6783 Stryn, 5710 Skulestadmo, 5353 Straume, 5392 Storebø, 5411 Stord, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb i Vestland fylkeskommune
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
78
Er du over 16 år og på leit etter sommarjobb?
Fylkeskommunen har mange bygg som som treng vask og vedlikehald i sommar, og vi er på leit etter deg som likar å ta i eit tak i praktisk arbeid.
Så lenge du har fylt 16 år kan du søke! Det spelar inga rolle om du ikkje har arbeidserfaring frå før. Om du har hatt sommarjobb hjå oss før er du også velkommen til å søke igjen.
Arbeidsoppgåver
Vi kan tilby sommarvikarane våre variert arbeid der nokre av hovudoppgåvene går mellom anna ut på hovedreingjering, måling, plenklipping og andre oppgåver knytt til drift og vedlikehald av dei fylkeskommunale bygga våre.
Når du leverer søknaden må du svare på spørsmål om i kva geografisk område du kan jobbe. Du kan huke av for fleire stadar i same søknad. I annonsa står det engelske ord: dette er ein leverandørfeil som vil bli retta.
Kvalifikasjonar
- Jobbane vert fordelt til undom over 16 år
- Du må forstå og snakke grunnleggjande norsk
Personlege eigenskapar
Du må
- vere motivert for å arbeide
- trivast i samarbeid med andre
- ha godt humør og pågangsmot
- vere påliteleg og pliktoppfyllande
- vere tilgjengeleg i minimum tre veker (samanhengande eller i fleire omgangar/periodar)
Kva får du ved å jobbe hjå oss?
Ved å ha sommarjobb hjå oss får du verdifull jobberfaring som kjem godt med på CV-en din når du skal søke jobb i framtida.
Du får løn i samsvar med tariffavtale i offentleg sektor. Er du mellom 16-18 år er timeløna 176,54 kr. Er du over 18 år er timeløna 196,15 kr.
Du kan få ansiennitetstillegg (erfaring) etter reglane i tariffavtalen.
Vi ringer aktuelle søkjarar for å avtale arbeidsperiode.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktinformasjon
Kontakt, hr-seksjonen@vlfk.noArbeidsstad
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4923119252
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 14.03.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2870392
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f4b2c51e483e44aabe379f7c076bed6f