Direktør for Kompetansesenter for distriktsutvikling
Kommunal- og distriktsdepartementet
Steinkjer / Sogndal / Sandnessjøen, 7701 Steinkjer
Om jobben
Stillingstittel
Direktør for Distriktssenteret
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. oktober
Om senteret og stillinga
Kommunal- og distriktsdepartementet lyser ut stilling som direktør for Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret). Dette er eit åremål, perioden er seks år og tiltreding er 1. april 2026.
Kompetansesenter for distriktsutvikling er eit nasjonalt kompetansesenter for lokal samfunnsutvikling som arbeider for å gjøre det attraktivt å bu og jobba i distrikta. Senteret samlar, utviklar og deler kunnskap om korleis distriktskommunar og distriktsbutikkar kan utvikla seg og lokalsamfunna sine. Målet med arbeidet er inkluderande og vekstkraftige lokalsamfunn i område med særlege distriktsutfordringar. Senteret er ein nyttig og relevant kunnskapsbase og samarbeidspart for aktørar innanfor lokal samfunnsutvikling. Vi bidrar også med faglege innspel til nasjonal politikkutvikling på området. Les meir om Distriktssenteret her: https://distriktssenteret.no/
Kompetansesenter for distriktsutvikling forvaltar Merkur-programmet, som er eit viktig verkemiddel for å sikre tilgang til daglegvarebutikk med god kvalitet i område med få innbyggarar. Les meir om Merkur-programmet her: https://www.merkur-programmet.no
Direktøren er øvste leiar for senteret, og har ei utoverretta rolle med omfattande kontakt med media, samarbeidspartnarar og andre aktørar og interessentar. Vedkommande rapporterer til leiar for Regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og distriktsdepartementet. Senteret har ei desentralisert organisering med 26 tilsette, lokalisert i Steinkjer, Sogndal og Sandnessjøen. Det er viktig at senteret fungerer som éin organisasjon og at leiar har merksemda retta på heilskapen, ikkje berre kontorstaden for vedkommande. Kontorstad vil bli avgjord i samråd med den som blir tilsett (eit av dei tre nemnde stadene). Stillinga inneber ein del reiseverksemd.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
Som direktør for Distriktssenteret får du ansvar for mellom anna:
- Administrativ og faglig leiing: overordna ansvar for drift og koordinering av senteret si verksemd i tråd med føringar frå departementet
- Økonomi- og resultatoppfølging: oppfølging av mål og prioriteringar i tråd med tildelingsbrev og budsjett
- Informasjon og synliggjøring: leiing av arbeidet med å synleggjere korleis distriktskommunar jobbar med innovasjon og utvikling
- Kompetanseheving og lokal samfunnsutvikling: leiing av arbeidet med å utvikle og formidle kunnskap, metodar og verktøy som styrkjer evna distriktskommunane har til lokal samfunnsutvikling
- Samfunnsanalyse: leiing av arbeidet med analysar og kunnskapsgrunnlag som gir innspel til nasjonal politikkutvikling for Kommunal- og distriktsdepartementet
- Samarbeid med regionale aktørar: relasjonsbygging og samarbeid med mellom anna fylkeskommunar og statsforvaltarar for å støtta rolla til distriktskommunane som samfunnsutviklarar
Stillinga set høge krav til initiativ, samarbeidsevner og formidlareigenskapar.
For å vera aktuell for stillinga, må du ha følgjande kvalifikasjonar:
- høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande, fortrinnsvis innan samfunnsvitskaplege fag og/eller leiingsfag
- leiarerfaring på høgare nivå
- erfaring frå leiing av innovasjons-, endrings- og utviklingsprosessar
- erfaring frå arbeid knytte opp mot samfunnsutvikling og -analyse
- erfaring frå offentleg forvaltning. Det vil vere ein fordel med erfaring frå arbeid med distrikts- og regionalutvikling eller tilgrensande felt.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi vektlegg følgjande personlege eigenskapar:
- svært gode leiareigenskapar, med evne til å motivera og oppnå resultat gjennom andre
- du er trygg i ei utoverretta rolle som aktiv formidlar av arbeidet til Distriktssenteret, med god evne til å handtera media
- analytisk og resultatorientert, med god strategisk forståing
- strategisk og dyktig relasjonsbyggjar, med evne til å utvikle og styrkja nettverk med relevante styresmakter og nøkkelpersonar, både nasjonalt og internasjonalt
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin og tilbyr:
- ein spennande jobb i eit dynamisk miljø
- konkurransedyktige betingelser
- fleksibel arbeidstid
- gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
Løn: Stillings- og lønsinnplassering etter avtale, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Det blir tilsett i åremålsstilling for perioden 01.04.2026 - 31.03.2032. Det er høve for fornying av åremålstilsettinga éin gong.
Ønskjer du å vita meir om korleis det er å jobba hos oss, kan du lesa meir her: Tilsette om KDD – Jobb i KDD (regjeringen.no).
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» øvst på denne sida. Snarleg tiltredelse er ønskjeleg.
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vera tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Les meir om inkludering og mangfald her.
KDD nyttar Semac bakgrunnssjekk i gjeldande rekrutteringsprosess. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke frå kandidaten, og inneber mellom anna at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. Tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
I samsvar med offentleglova §25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
For nærare opplysningar om stillinga, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Kristin Marie Felde (Regionalpolitisk avdeling), tlf: 22247000 / e-post: kristin-marie.felde@kdd.dep.no eller avdelingsdirektør Yvonne Tveter (Distriktkommuners utviklingskapasitet), tlf: 46663993 / e-post: yvonne.tveter@kdd.dep.no.
Har du spørsmål til rekrutteringsprosessen, kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i DSS: Ida Marie Holen, tel: 99035659 eller Wenke Eriksen, tel: 93614156.
Om bedriften
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har om lag 250 tilsette og er sekretariat for kommunal- og distriktsministeren.
Departementet har ansvar for kommuneøkonomi og lokalforvaltning, regional- og distriktspolitikk, bustadpolitikk, plan- og bygningslova, kart- og geodatapolitikken, valgjennomføring og politikken overfor samar og nasjonale minoritetar. Departementet har fleire underliggande etatar og verksemder, som Direktoratet for byggkvalitet, Distriktssenteret, Husbanken, Husleigetvistutvalet, Internasjonalt reindriftssenter, Kartverket og Valdirektoratet.
Regionalpolitisk avdeling har ansvaret for å følgja opp regional- og distriktspolitikken til regjeringa.
Avdelinga har ei samordningsrolle ved å bidra til at prioriteringane og tiltaket til dei ulike sektorane gir best mogleg vilkår for regional utvikling. Avdelinga har òg ansvaret for å følgja opp den statlege lokaliseringspolitikken, som skal bidra til ei fordeling av statlege arbeidsplassar som styrkjer utviklinga av regionale arbeidsmarknader. Avdelinga samarbeider med kommunar, fylkeskommunar, Innovasjon Noreg, Siva og Forskningsrådet. Distriktssenteret er underliggjande etat.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
028c8de4-b179-4b56-99cb-d5fd97626add
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266236