Avdelingsleiarar i Bu- og aktivitetstenesta: 2 faste 100% stillingar
Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. oktober
I tenesta er det for tida seks ulike bufellesskap, avlasting for born og unge og vi har aktivitetshus.
Til begge stillingane ligg per i dag ansvar for ei avdeling med to bufellesskap i kvar avdeling.
Vi ser etter deg som er tydeleg, engasjert og fagleg sterk. Du er samlande og har evne til å skape tillt, heilheitlege tenester og gode resultat.
Begge stillingane har dagarbeidstid.
Arbeidsoppgåver:
- Fag-, drifts- og personalansvar
- Bidra i utviklinga av tenesta innafor ramma av vedteke budsjett
- Sikre eit godt tverrfagleg samarbeid for å skape heilheitlege tenester
- Kvalitets- og utviklingsarbeid
- Ansvar for fagsystem og elektronisk turnusverktøy
- Saksbehandling og kartlegging av tenestebehov
- Vere aktiv bidragsytar i eininga med fokus på godt samarbeid med pårørande/verje, kollegaer, tillitsvalde og verneombod
Dette er arbeidsoppgåver som f.t ligg til stillinga. I tillegg kjem oppgåver som kan bli lagt til frå einingsleiar.
Kvalifikasjonar:Stillinga er aktuell for vernepleiarar og sjukepleiarar med norsk autorisasjon. Andre med relevant helsefagleg høgskuleutdanning kan vere aktuelle for stillingane
Kjennskap til og forståelse for Helse- og omsorgstenestelova kap.9 og Lov om pasient- og brukerrettigheter
Det er eit ønske at du har leiarerfaring
Du er mål- og resultatorientert og har god muntleg og skriftleg framstillingsevne
Du har solid digital kompetanse som m.a inneber god kunnskap om bruk av elektronisk turnusverktøy og du er interessert i bruk av velferdsteknologi
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling
Personlege eigenskapar:Vi søkjer deg som har engasjement og som evner å inspirere og motivere
Du har gode samarbeidsevner og du ønskjer å vere aktiv pådrivar for eit godt arbeidsmiljø
Du er handlekraftig og evner å ta utfordringar, samtidig som du kan delegere, inspirere, rettleie og vidareutvikle medarbeidarar i utviklinga av gode team
Du vil få:- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe
- påverknad på eigen arbeidskvardag og planlegging av oppgåver
- flotte og funksjonelle lokale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk i personalplanen
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter avtale
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0243a3a9-7d98-4f28-a8e8-f0c34331a15b
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3542205_188477_nn