Bioingeniør
Medisinsk biokjemi og blodbank SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Bioingeniør
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. desember
Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har vi ledig ei 100% fast stilling som bioingeniør.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart tatt i bruk i april i år. Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er flunkande nytt!
Du vil arbeide i ein tredelt turnus. Vi er opptatt av å planlegge slik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønskje og behov. Ved eit eventuellt internt opprykk vil det være moglegheit for eit vikariat som bioingeniør.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
- Analysearbeid innan medisinsk biokjemi og blodbank
- Delta i seksjonen sin turnus
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Relevant praksis vil bli vektlagt
- Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, effektiv og nøyaktig
- Du er positiv og har gode evner til å samarbeide med andre
- Du er fagleg engasjert og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit og samarbeidsevne vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, 95246505, marit.sivertsen@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5050312648
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 26.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0241d627-fba9-49fb-b5e3-a287a201e510
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7509d2d707ce47a7bfc4234dac9bf3b8
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Seksjon for Medisinsk teknologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Radiologi kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset