Er du ein person som elskar å skape gode arbeidsmiljø og utvikle menneske? Då har me den perfekte utfordringa for deg!
Vindafjord kommune HR og lønn
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
HR-rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Me søker ein engasjert og framtidsretta HR-rådgjevar i 100 % fast stilling som vil vere med og utvikle Vindafjord kommune som ein attraktiv arbeidsgjevar. Gode tenester til innbyggarane startar med kompetente og motiverte medarbeidarar, og du får ei nøkkelrolle i å leggje til rette for eit godt og utviklande arbeidsmiljø.
Som HR-rådgjevar ved rådhuset i Ølen blir du ein strategisk samarbeidspartnar for leiarar og tilsette, med moglegheit til å påverke arbeidsgjevarpolitikken og bidra til gode prosessar innan rekruttering, kompetanseutvikling og oppfølging. Du får høve til å jobbe sjølvstendig, men alltid i tett samarbeid med dyktige kollegaer på tvers av organisasjonen. Me legg vekt på ein open og løysingsorientert arbeidskultur, der initiativ og nye idear blir verdsette.
Avdeling HR og lønn er organisert under kommunalsjef organisasjon, og me er fem tilsette som jobbar tett saman. I ein liten kommune får du jobbe med heile breidda av faget, og du vil raskt få mykje ansvar. Vi har eit godt klima for samarbeid og kompetansedeling, og vi gler oss til å få ein ny kollega inn i jobbfamilien vår!
Kva får du jobba med hos oss?- Strategisk HR-arbeid – Utforme og vidareutvikle arbeidsgjevarpolitikken, samt sikre gode rutinar og reglement for kommunen.
- Kompetanse- og rekrutteringsarbeid – Bidra til å tiltrekke, utvikle og behalde dyktige medarbeidarar.
- Rådgjeving og oppfølging – Vere ein ressursperson for leiarar i spørsmål om lov- og avtaleverk, HMS og sjukefråvær.
- Samarbeid og forhandlingar – Delta i dialog med tillitsvalde, leiarar og andre aktørar i organisasjonen, samt bidra i lokale lønsforhandlingar.
- Lønnsrelaterte oppgåver – Samarbeide tett med lønnsavdelinga og ved behov bidra i lønnsarbeidet.
- Prosess- og prosjektarbeid - Medverke i både HR-relaterte og tverrfaglege prosjekt, som kan omfatte organisasjonsutvikling, digitalisering, effektivisering av arbeidsprosessar og andre tiltak som styrkjer kommunen som arbeidsgivar og tenesteleverandør.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet – eller solid realkompetanse som kan kompensera opp for formell utdanning.
- Erfaring frå offentleg sektor er eit pluss! Har du jobba med personal, forvaltning eller kjenner til lov- og avtaleverk? Då kan du passe perfekt i denne rolla.
- Digitalt smart – du trivs med digitale verktøy og ser moglegheitene dei gir for å forbetra prosessar.
- Gode kommunikasjonsevner – du formidlar tydeleg og godt, både skriftleg og munnleg på nynorsk.
- Kjennskap til våre system? Om du har erfaring med Visma Enterprise Plus, EasyCruit, Compilo eller Websak, er det eit pluss – men ikkje eit krav.
- Du trivst med nye utfordringar, er fleksibel og møter oppgåver med ei positiv innstilling.
- Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med folk på alle nivå i organisasjonen.
- Du har eit heilskapleg perspektiv og brenn for utvikling og forbetring.
- Du tek initiativ, tar ansvar og har sterk gjennomføringsevne.
- Du er sjølvgåande, løysingsorientert og tilpasningsdyktig.
- Du byggjer tillit, deler kunnskap og leverer kvalitet – alltid til rett tid.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2873546
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3470147_229887_nn