Hopp til innhold

Maskinsjef - i 3:3 turnus, døgnskift 

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Fv57 520, 5960 Dalsøyra, Fv57, 5953 Fonnes

Om jobben

Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Leirvåg-Sløvåg, p.t. MF Storfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 27. september

Vi søker ein maskinsjef til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.

På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri.

Fjord1 dekker reisekostnader for strekninger over 30 km mellom bosted og arbeidssted. Dette gjelder ved oppstart og avslutning av arbeidsperioden, altså første og siste arbeidsdag.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Denne ferja vart bygd i 2011, og i 2019 ble ho bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid. 

Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!

Vi vurderer kandidatar fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

    Kvalifikasjonar

    • Minimum M3-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Krise-og passasjerhandtering
    • Gyldig helseattest
    • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
    Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

    Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trives med å lede og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø er noko av det viktigste du veit.
  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
    • Dekket reiseavstand som overstig 30 km mellom til og fra arbeidsperiode, mellom arbeidsstad og bustad.
    • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
    • Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag.

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Arbeidssted

    Fv57
    5953 Fonnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5174016264
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 27.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Benedicte Ellingsen

    Rekrutteringsmedarbeider

    47887896

    benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Om bedriften

    Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! 

    Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

    Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

    Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    01774308-96a2-4464-9011-d0f3344ae4a3

    Sist endret

    11. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    303ba01faf964c028b5547b69db8136d

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser