Sokneprest og fengselsprest i Sogn prosti med sokna i Vik og Vik fengsel som tenestestad
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest og fengselsprest i Sogn prosti med sokna i Vik og Vik fengsel som tenestestad
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Det er ledig stilling som sokneprest/ fengselsprest i Vik!
Vi søkjer ein prest som kan vere ein aktiv medspelar i Vik fengsel og samstundes vere med og utvikle levande kyrkjelydar i bygdene i Vik. Den totale presteressursen i Vik er ei og ei halv stilling, då sokneprest i Balestrand nyttar halve si arbeidstid på teneste i sokna i Vik og avlastar sokneprest i Vik.
Sokna Vik, Vangsnes, Feios, Fresvik og Arnafjord i Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden og har omlag 2550 innbyggjarar. Vik er ein aktiv jordbrukskommune med eit sterkt og allsidig næringsliv i alle bygdene. Vik er også ein reiselivs- og kulturkommune. Idrettslaga her driv godt, særleg innan skiskyting, fotball og friidrett. Kommunen har store og lett tilgjengelege fjellområde og fleire turistforeiningshytter, og er ein spennande plass for den friluftsinteresserte. Det er om lag 1 time og 15 minutt reisetid både til Voss og til regionsenteret Sogndal.
I kommunen er det sju kyrkjer, mellom dei er det ei stavkyrkje og ei steinkyrkje frå mellomalderen. Det er i dag fem kyrkjesokn i kommunen, og ein prosess med sikte på tettare samarbeid mellom sokneråda er starta opp. Det er gudsteneste i hovudsoknet Vik annakvar søndag, i dei andre sokna er det gudsteneste om lag sjette kvar veke.
I Vik sentrum er det Kyrkjestove med bra aktivitet. Her er bl.a. småbarnstreff og kvardagsskule i kyrkjelydsregi. Det er til vanleg 15 – 25 konfirmantar i året. Å utvikle kyrkjelydsarbeidet vidare med større grad av frivillig innsats er eit viktig satsingsområde i sokna.
Staben har sokneprest og kyrkjeverje i fulle stillingar. I tillegg er det kyrkjelydsarbeidar (diakoni og trusopplæring), kyrkjemusikar og kyrkjetenarar i ulike stillingsstorleikar, samt prest som også gjer teneste i Balestrand. Plan for fordeling av arbeidsoppgåver mellom dei to prestane i Vik vert utarbeidd saman med dei som vert tilsett i stillingane.
Vik har hatt fengsel sidan 1865. I 2007 vart det bygt nytt fengsel med 28 lukka soningsplassar, og det gamle fengselet vart gjort om til fengsel med lågare tryggleik. Til saman har fengselet no 39 soningsplassar. Det er planar om utviding med 30 plassar på lukka soning.
Som fengselsprest nyttar ein tida hovudsakleg til samtalar med dei innsette. Det er eit kapell/møterom der det vert halde gudstenester to søndagar i månaden. Fengselspresten deltek på personalmøter med dei andre tilsette, er med på møter med visitorane frå Røde kors, og organiserer besøk frå Evangeliesenteret, Frelsesarmeen og andre kyrkjesamfunn.
Som fengselsprest får ein delta på årlege fagdagar for fengselsprestane og kontaktmøte for fengselsprestane i Region vest.
Den romslege prestebustaden i Vik sentrum vert stilt til disposisjon for presten. Bustaden er i god stand og ligg sentralt i bygda med gangavstand til kyrkje, skule, idrettsanlegg og butikkar.
Sogn prosti omfattar kommunane Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Prestetenesta i prostiet vert leia av prosten. Med jamne mellomrom samlar prosten dei 12 prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og kollegafellesskap.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Kyrkjelege handlingar og gudstenester etter oppsett plan
- Planlegging og utviklingsarbeid i samarbeid med kyrkjeleg tilsette, med medlemar i råd og utval og frivillige medarbeidar
- Samtaler med innsette i Vik fengsel
- Organisere besøk frå andre kyrkjesamfunn i Vik fengsel
- Beredskapsordning etter gjeldande ordning for Den norske kyrkje.
Kvalifikasjonar
- Cand.theol, med praktikum eller master i teologi og praktikum
- Medlemsskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Ein tydeleg og planmessig leiar for kyrkjelyden, som bidreg til utvikling
- Evne og vilje til samarbeid og fleksibilitet
- Evne til å synleggjere kyrkja i lokalsamfunnet
- Søkar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsordning hos KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsrettleiing (ABV)
- Tilbod om å bu i Vik prestebustad
Andre opplysningar
Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil. Skriftspråket er nynorsk.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Kontaktinformasjon
Kjell Olav Høstaker Nordheim, Prost i Sogn, 48243056Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Arbeidssted
Fjordavegen 16893 Vik i Sogn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 5026455400
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme
93612276
Kjell Olav Høstaker Nordheim
Prost i Sogn
48243056
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
014b9a4f-ba22-4b30-a279-e28393147e85
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5118286365a0467fac1bf59839b41d79