Hopp til innhold

Operatørar Rigg & Service, med og utan fagbrev

Arbeidsgiver

Ulstein Verft AS

Sted

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Om jobben

Stillingstittel
Operatørar Rigg & Service, med og utan fagbrev
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 30. september

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Vi ønskjer å styrke laget vårt med fleire operatørar og hjelpearbeidarar som vil vere med på å jobbe med avanserte skip og store prosjekt i eit miljø der samarbeid, fagleg stoltheit og kontinuerleg læring står sterkt. Kvar dag byr på nye utfordringar og moglegheiter til å utvikle deg saman med dyktige kollegaer som spelar kvarandre gode.

Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:

  • Stilasbygging
  • Køyring av kran
  • Intern transport
  • Inn- og utdokking av skip
  • Halde orden på anlegg og prosjekt under arbeid

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

  • Fagbrev som Stilasbyggar er ønskjeleg
  • Truckførarbevis T4
  • Godkjend stillasbyggjar over 9 meter
  • Kurs som maskinførar (M4)
  • G3- og G4-krankurs
  • Teleskoptruck C1 og C2
  • Erfaring med høgtrykksvask
  • Gode kommunikasjoneevner på norsk og/eller engelsk

Vi veit at motivasjon, engasjement og læringsvilje ofte er like viktig som erfaring. Har du ikkje alle kvalifikasjonane vi etterspør oppmodar vi deg likevel til å søkje.

Kvifor velje Ulsten som arbeidsplass

  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Nødvendig opplæring og kompetanseheving
  • Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
  • Ein trygg og trivsam arbeidsplass med sterk lagånd

Kontaktinformasjon

Andreas Hatløy, Supervisor - Scaffolding, +47 47671301, andreas.hatloy@ulstein.com
Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013, stig_b.slettebakk@ulstein.com

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 5170042138
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Stig Slettebakk

Department Manager Outfitting & Steel

+47 91581013

stig_b.slettebakk@ulstein.com

Andreas Hatløy

Supervisor - Scaffolding

+47 47671301

andreas.hatloy@ulstein.com

Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

013446f4-1b66-4736-aa4e-90fce76d1c7a

Sist endret

25. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8bf736d60dc147d584e061c9d3eebdd5

Lignende annonser

Laster lignende annonser