Sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med Ørsta som særskild tenestestad
Den norske kirke, Møre bispedøme
Kyrkjegata 55, 6153 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med Ørsta som særskild tenestestad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. september
Ørsta sokn, ein kyrkjelyd i vekst
Ørsta sokn ynskjer å skape meir himmel på jorda ved å vere raus, kvardagsnær og himmelvend. Vi ynskjer å vere ei kyrkje som er synleg for folk i liv og kvardag, byggje ned tersklane og skape eit rom der alle kjenner seg heime. Vi ynskjer at møtet med kyrkja skal vere godt, både i og utanfor kyrkjerommet.
Soknet er med sine 7300 medlemmer det største av dei tre sokna i Ørsta kommune. Det er brei folkekyrkjeleg tilslutning og svært mange av innbyggarane har ein god relasjon til kyrkja. Det er høge tal for både dåp og konfirmasjon og den store majoriteten vel kyrkjeleg gravferd.
Det er eit aktivt arbeid for born og unge med mellom anna babysong, to barnekor, søndagsskule, speidar i regi av KFUK-KFUM og ei rekke arrangement knytt til ulike alderstrinn. Soknet har ungdomsarbeid som vedtatt satsingsområde for 2026-2027. Det er eit godt utvikla samarbeid mellom kyrkje, skule og barnehage, særleg knytt til jule- og påskehøgtida. Det diakonale arbeidet omfattar mellom anna språk-kafe, føremiddagstreff og samtaletilbod. Ørsta har rike song- og musikktradisjonar og Ørsta kyrkjekor og dei to barnekora er viktige ressursar i gudstenestearbeidet. Kyrkja er også ein viktig kulturarena og har eit aktivt samarbeid med fleire lokale kor, musikarar, solistar og den kommunale kulturskulen mfl.
I Ørsta kyrkje er det gudsteneste dei fleste høgtidsdagar og kvar søndag med unntak av nokre søndagar i ferieavviklinga. Det er eit variert gudstenesteliv med ei veksling mellom tradisjonelle høgmesser, gudstenester for store og små og kveldsmesser med ei enklare form og folkekyrkjeleg appell.
Soknepresten vert del av ein engasjert stab med kyrkjeverje, sekretær, sokneprest, kyrkjelydsprest, diakon, kateket, trusopplærar, to organistar, to kyrkjetenarar, frivillige medarbeidarar og eit engasjert sokneråd. Det er stabsmøte og morgonbøn ein gong i veka.
Arbeidsoppgåver
-I tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" skal soknepresten forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremma i kyrkjelyden.
-I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker, som vert delt etter oppsett arbeidsplan, tek soknepresten del i kyrkjeleg undervisning med mellom anna konfirmantopplæring, sjelesorg og andakter på sjuke- og aldersinstitusjonane i fellesrådsområdet.
-Soknepresten har sete i Ørsta sokneråd og pr i dag Ørsta kyrkjelege fellesråd
-Oppfølging av frivillige
-Ta del i kyrkjelyden sitt øvrige arbeid med barn og ungdom
-Arbeid med heimesida
-Begge sokneprestane tek del i den kommunale krise og omsorgsgruppa , og alle prestane i prostiet er med i beredskapsordninga
Kvalifikasjonar
-Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
-Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
-Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort oppmerksam på krav om attest som syner autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrke, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja, og krav om å beherske norsk språk, jf. Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
-Søkjar må opplyse om han/ho meistrar begge målformer. Målforma er nynorsk
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer oss ein prest som:
-har hjarte for både søndagskyrkja og kvardagskyrkja
-er ein trygg og allsidig liturg
-evner å knyte relasjonar og kommuniserer godt med menneske i ulike aldersgrupper
-har gode samarbeidsevner og evner å arbeide både sjølvstendig og i team
-ynskjer å ta aktivt del i kyrkjelyden sitt varierte arbeid
-har god digital kompetanse og interesse for bruk av kyrkja sine digitale verktøy
Personlege eigenskaper vil verte vektlagt
Vi tilbyr
Vi tilbyr:-Stillinga vert lønna etter hovedtariffavtalen for Den norske kyrkje, stillingskode 1555 sokneprest.
-Offentleg pensjonsordning i KLP.
-Godtgjeringar og tilskot etter dei vilkår som til ei kvar tid er fastsett.
-Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
-Eit godt samarbeid mellom tilsette i prostiet. Prestane møtes regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
Anna:
-For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B, og kunne disponera eigen bil i arbeidet.
-Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, jf. Lov om tros- og livssynssamfunn §20.
-Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Matre, Prost Søre Sunnmøre prosti, 94806965, IM557@kyrkja.noArbeidsstad
Kyrkjegata 556153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 5168426506
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0101e0bb-8e81-4ec2-b59d-691252e1563c
- Sist endret
26. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
981352847b754fc68fc2134f2c61b72f