Hopp til innhold

Fagarbeidar/assistent

Arbeidsgiver

Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst

Sted

Kvia 36, 6140 Syvde

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 28. september

Syvde barnehage har to avdelingar og ligg fint til med nærleik til natur og gode turområde. Vi har god bemanning og pedagogtettleik, og eit personale som samarbeider tett om å skape ein trygg og god barnehagekvardag for barna.

Vi har no ledig 100% fast stilling som fagarbeidar/assistent frå 1.10.


Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å bidra aktivt i det pedagogiske arbeidet og vere med på å skape eit trygt, inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø for barna.


Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk og praktisk arbeid med barn i alderen 0–6 år
  • Delta aktivt i leik og leggje til rette for utvikling, læring og meistring
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske arbeidet
  • Observere og følgje opp barna, mellom anna gjennom bruk av ASK
  • Samarbeide med foreldre, kollegaer og andre fagpersonar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Anna relevant fagbrev
  • Relevant erfaring kan kompensere
  • Erfaring frå barnehage og arbeid ein-til-ein med barn er ønskjeleg
  • Erfaring med ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) er ønskjeleg
  • Må kommunisere godt på norsk
  • Dersom søkjaren har anna morsmål enn norsk og svensk, må vedkomande ha bestått språkkrav:
     A2 i skriftleg norsk
     B1 i lesing og munnleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar

  • Trygg, omsorgsfull og nærverande i møte med barn
  • Fagleg engasjert og aktiv i barnehagekvardagen
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Open for refleksjon, læring og utvikling

Tilsetjing skjer med atterhald om godkjend politiattest

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Høve til å bruke og vidareutvikle eigen kompetanse
  • Lønn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning

I barnehagane arbeider vi med å ta vare på og vidareutvikle gode leike- og læringsmiljø som sikrar barna god psykisk og fysisk helse gjennom gode relasjonar og meistring. Vi ønskjer tilsette med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse og vilje til å bidra til ein barnehagesektor i utvikling.

Viser til Vanylven kommune sin lønspolitiske plan.

Kontaktinformasjon

Eli Tefre Nordal, Ass. kommunedirektør, 41424805
Åsgunn Stewart, Styrar Syvde barnehage, +47 90801663

Arbeidsstad

Kvia 36
6140 Syvde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5178848681
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Åsgunn Stewart

Styrar Syvde barnehage

+47 90801663

Eli Tefre Nordal

Ass. kommunedirektør

41424805

Om bedriften

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

00f4e61c-bee7-4492-b164-1595a79ca391

Sist endret

14. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

91f774294c0c4701aa1cb87d375bae58

Lignende annonser

Laster lignende annonser