Tilkallingsvikar i språkfag, hovudsakleg engelsk og tysk
OPK-FU - Avd. Fellesfag, Vestland fylkeskommune
5640 Eikelandsosen
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar i språkfag, hovudsakleg engelsk og tysk
- Oppstart
- 8. desember 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. desember
Skulens elevsyn: Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.
Arbeidsoppgåver
Me har behov for tilkallingsvikar i fleire fag ut skuleåret. Trongen for vikar er varierande og kan omfatta undervising i faga engelsk og tysk, og i noko omfang også norsk og nokre av samfunnsfaga.
Me søkjer etter ein lærar med god fagleg og pedagogisk kompetanse som set eleven i sentrum og har evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for ungdommane våre
Me forventar vidare at den som vert tilsett deltek i utviklingsarbeid i faggruppa og arbeider for ei heilskapleg skuleutvikling.
Kvalifikasjonar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.
God digital kompetanse.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om undervisningskompetanse, minst 240 studiepoeng, inkludert relevant fagleg (i denne stillinga: 60 studiepoeng i engelsk og helst også 60 studiepoeng eitt anna språk-/ eller samfunnsfag) og pedagogisk kompetanse (PPU), jmfr Opplæringslova.
I tillegg til relevant fagleg og pedagogisk kompetanse ynskjer me tilsette med god fagdidaktisk kompetanse.
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Du er ein trygg og tydeleg klasseleiar med evne til å skapa gode relasjonar til elevane
Du arbeider sjølvstendig og nøyaktig, men deltek aktivt i eit profesjonsfellesskap
Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og føresette
Du samarbeider godt med eksterne fagmiljø for å utvikla gode undervisingstilbod og synleggjera skulen
Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
Du er utviklingsorientert og tek medansvar for å utvikla faggruppa
Du har ei pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn
Vi tilbyr
Hos oss får du:
Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
Nært samarbeid med kollegaer
God delingskultur og positiv innstilling
Ein arbeidsplass som ligg i rolege og fine omgjevnader
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Gunnar Ljones Dolve, avdelingsleiar, 91615814Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5045941264
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 08.12.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 04.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Gunnar Ljones Dolve
avdelingsleiar
91615814
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
00f24546-6746-4d4e-85ee-a188570ccb51
- Sist endret
25. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
44ecddfc1c034ce1a28749a6e2700afa
Lignende annonser
Lærervikar 1-10 trinn
Arbeidsgiver
Pedagogisk Vikarsentral Bergen
Sted
Bergen
Fransklærer på u-trinnet
Arbeidsgiver
Olsvik skole, Bergen kommune
Sted
Olsvik
Tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Skulane
Sted
Os