Sommarjobb for IT-studenter. DigdirCamp 2027
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
Askedalen 4, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- DigdirCamp 2027
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. desember
DigdirCamp 2027
Ønsker du sommarjobb i eit direktorat som jobbar med teknologi for å løyse viktige samfunnsoppgåver? Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Sogndal på Vestlandet. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete programmeringsoppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar som mellom anna ID-porten og MinID.
Fritid og sosiale aktivitetar
Sogn er som skapt for å utforskast! På fritida kan du bli kjent med det vakre landskapet i Sogn, med fjell og fjordar like i nærleiken. Jotunheimen ligg berre ein god time unna. I tillegg sørger vi for me bustad i Sogndal sentrum, der Digdir tek delar av kostnaden med overnatting.
Som del av campen får du også vera med på Sognacamp - eit unikt konsept lansert i 2025 der lokalt næringsliv i Sogn har gått saman for å tilby ei spektakulær ramme på fritida for sommarjobbstudentar, med sosiale aktivitetar, utfluktar og kjekke begivenheitar. Sognacamp organiserer aktivitetar, der vekedagane byr på enkle og lågterskel tilbod, medan helgene er sett av til større opplevingar. Du får sjansen til å bli kjend med andre unge sommervikarar, bygge nettverk og oppleve alt det Sogn har å by på.
Vi har ledig sommarjobb for inntil åtte IT-studentar frå midten av juni til midten av august 2027.Arbeidsoppgåver
Du får høve til å arbeide tett saman med utviklingsmiljøet i Digdir. Oppgåvene vil vere å utvikle og tilpasse digitale tenester for offentleg sektor.
Studentane jobbar gjerne i to grupper for å løyse konkrete oppgåver. Gjennom sommaren presenterer studentane korleis dei jobbar med oppgåvene og kva for løysingar dei foreslår.
Kvalifikasjoner
Vi søkjer primært etter studentar innan informatikk/systemutvikling. Pass på at du i søknaden skriv kva utdanning du tek og kor langt du er komen i utdanninga. Arbeidsspråket er norsk.
Personlige egenskaper
- timeløn som svarer til ei årsløn på kr 560 000
- eit spennande arbeidsfellesskap saman med våre erfarne medarbeidarar og med andre IT-studentar
- gode muligheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen
- ei supergod kantine i våre nyinnflytta lokaler
- å få jobbe på ein spennande arbeidsplass med stor grad av friheit slik som denne karen (klikk på video) -- https://youtu.be/2YiVLT1xF6Q
Vi tilbyr
- timeløn som svarer til ei årsløn på kr 560 000
- eit spennande arbeidsfellesskap saman med våre erfarne medarbeidarar og med andre IT-studentar
- gode muligheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen
- ei supergod kantine i våre nyinnflytta lokaler
- å få jobbe på ein spennande arbeidsplass med stor grad av friheit slik som denne karen (klikk på video) -- https://youtu.be/2YiVLT1xF6Q
Her finn du meir informasjon om DigdirCampen https://www.digdir.no/digdir/digdircamp-sommarjobb-it-studentar/1133
Vi treng også informasjon om du ønskjer felles innkvartering, og om du kan følge oppsett arbeidsperiode hos oss.
Legg ved karakterutskrift som dokumentasjon av utdanning, karakterutskrift kan lastast ned frå Vitnemålsportalen.
Vil du vite meir?Synes du dette er interessant og ønsker meir informasjon, kontakt gjerne
Systemutviklar Kristoffer Svedal
E-post: kristoffer.svedal@digdir.no
Telefon: 95 33 55 66
Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 911 46 279
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 490 ansatte fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fem fagavdelinger, to stabs- og støtteavdelinger og et tilsyn for universell utforming av ikt, som har en særskilt uavhengig rolle. Våre verdier er pålitelig, inkluderende og uredd. Direktoratet er regjeringens fremste verktøy for en raskere og mer samordnet digitalisering av offentlig sektor. Vi skal bidra til enklere og mer tilgjengelige offentlige tjenester for innbyggerne, og økt verdiskaping for næringslivet. Vår visjon er sammen for en enklere digital hverdag.
Les mer om Digdir på våre nettsider
Digdir.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
00d60288-1149-46b2-82ce-6625c210424c
- Sist endret
2. november 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
479831218