Hopp til innhold

Vil du bli vår nye kollega i Yksnebjør barnehage?

Arbeidsgiver

Fjaler kommune Yksnebjør barnehage

Sted

Yksnebjørvegen 19-21, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar – 100 % fast stilling i Yksnebjør barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 22. september

Yksnebjør barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart i januar 2027. Som vår nye kollega blir du ein del av eit positivt arbeidsmiljø, og får vere med på å skape ein trygg, variert og meiningsfull kvardag for barna.

Vi ønskjer oss ein engasjert pedagogisk leiar som set barna i sentrum, tek initiativ og bidreg til eit godt samarbeid mellom barn, føresette og kollegaer.

Yksnebjør barnehage ligg høgt og flott til med eit allsidig uteområde og flott utsyn over Dalsfjorden. Vi har kort veg til sjø, skogsområde, bibliotek og sentrum, og nyttar nærmiljøet aktivt i kvardagen.

Om stillinga

Som pedagogisk leiar får du eit særleg ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Du skal bruke din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap der barna får leike, lære, utvikle seg og oppleve meistring.
Du får ansvar for å leie og rettleie medarbeidarane på avdelinga, og for å sikre at det pedagogiske arbeidet er i tråd med barnehagelova og rammeplanen.


Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk ansvar for avdelinga.
  • Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet.
  • Vere ein trygg og tydeleg vaksen som legg til rette for leik, læring, utvikling og meistring.
  • Rettleie og følgje opp medarbeidarane på avdelinga.
  • Bidra til eit godt samarbeid med barn, føresette og kollegaer.
  • Samarbeide med andre faggrupper og aktuelle samarbeidspartar.
  • Bidra aktivt i utviklingsarbeidet i barnehagen.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå som kvalifiserer til stilling som pedagogisk leiar.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Den som blir tilsett, må leggje fram godkjend politiattest.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • har godt samspel med barn og vaksne
  • er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er engasjert og tek initiativ
  • arbeider løysingsorientert og sjølvstendig
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og har godt humør

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette.
  • Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer.
  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
  • Moglegheit til å vere med og utvikle barnehagetilbodet.
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Vil du vite meir?

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer å høyre meir om Yksnebjør barnehage som arbeidsplass.

Vi håpar å høyre frå deg!

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før søkjarliste blir gjort offentleg.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Marita Jacobsen

Styrar

+47 41401528 +47 57738066

Marita.Jacobsen@fjaler.kommune.no

Om bedriften

Yksnebjør barnehage ligg flott til i utkanten av Dale sentrum med eit allsidig uteområde. Vi har utsyn over Dalsfjorden og nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek, helsetun og skular. Barnehagen har frå hausten 73 barn og 19 tilsette fordelt 6 avdelingar. Vi held til i to bygg, der det eine er eit nybygg som vart opna hausten 2016. Det blir lagt vekt på å vere mykje ute og nytte nærområdet flittig. Små og store er glade i å gå tur og nyttar dei ulike årstidene i kvardagen. BRAVO-metoden vert nytta som arbeidsverktøy til språkarbeidet i barnehagen. Målet er å skape god språkkompetanse gjennom tidleg innsats ved å oppleve meistring og gi rom for undring saman med andre. Barnehagen har fokus på eit inkluderande barnehagemiljø. Det blir jobba aktivt med gode relasjonar og eit godt utviklingsmiljø for alle.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

00900ec2-5cb6-47da-b011-d6fca5b17dc8

Sist endret

4. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3659359_178067_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser