LIS 2/3 i fysikalsk medisin og rehabilitering til 100% fast stilling
Rehabiliteringsklinikken, Helse Bergen HF
Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal
Om jobben
- Stillingstittel
- LIS 2/3 i fysikalsk medisin og rehabilitering, 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Vi ønsker ha deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar.
ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå i kvardagen. Her samarbeider mange helseprofesjonar. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Klinikken gir spesialiserte tilbod og tenester til mennesker med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering/habilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelstenesta og i førstelinjetenesta.
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettplager/-smerter m.a. Vi har for tida 14 legar, inkludert LIS.Klinikken er i ein spanande utviklingsfase med mange pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytta til nybygg og samlokalisering på Nordås om nokre år.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
- Vurdering av tiltak vidare og dialog med/tilvising til andre instansar
- Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Utvikling av fag og pasienttilbod
- Kurs, undervising og pasientopplæring
- LIS deltar i praktisk undervisning av medisinarstudentar
- Inngå i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i fysikalsk medisin og rehabilitering
- Motivasjon og interesse for tverrfagleg medisinsk rehabilitering
- Erfaring med målgruppene frå rehabiliteringseining i spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Erfaring med og gode evner i høve tverrfagleg teamarbeid
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
- Evne til målretta arbeid
- Vilje og evne til nytenking
- Ønsker å vidareutvikle kompetansen sin og bidra i fagutvikling og forsking
- Klarer å planlegge og gjennomføre langsiktig tiltak og endringar
- Takler travle og akutte situasjonar
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Personleg egnethet blir vektlagt
Vi tilbyr
- Eit spennade tverrfagleg arbeidsmiljø, høg kvalitet og fokus på kontinuerleg forbetring
- Veiledning, supervisjon og fagleg kompetanseutvikling i tråd med spesialiseringsløpet
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Herborg Tegle, Seksjonsleiar, 55918440Arbeidsstad
Nordåsgrenda 45235 Rådal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5055437688
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Herborg Tegle
Seksjonsleiar
55918440
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
005068cb-4761-42e2-9fd5-7127763fede5
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
775305aabc544e5bb1dcec3559137c47
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Rehabiliteringsklinikken, Helse Bergen HF
Sted
Rådal
Legespesialist fysikalsk medisin og rehabilitering
Arbeidsgiver
Ravneberghaugen Senter for mestring og rehabilitering
Sted
Hagavik
Arbeidsgiver
Divisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
Sted
Bergen