Hopp til innhold

Slik kan du skaffa deg tilgang

  1. Finn ut kven som kan gi deg tilgang. Du kan starta med å spørja leiaren din. Tilgangen til arbeidsplassen.no sine rekrutteringstenester blir handtert av arbeidsgivarar sjølv i Altinn. Det kan vera nokon i HR, leier, mellomleiar eller nokon på eigarsida i bedrifta di som kan gi deg tilgang.
  2. Kopier lenkja til denne guiden og del med personen som skal gi deg tilgang.

Personen som skal gi deg tilgang må anten vera

  • registrert i Enhetsregisteret som dagleg leiar, styreleiar, bestyrande reiar eller innehavar
  • registert som hovudadministrator i Altinn eller
  • registrert med Altinn-rolle som «Tilgangsstyrer» og i tillegg enten «Stillingsannonser på arbeidsplassen.no», «Lønn og personalmedarbeider» eller «Utfyller/innsender».

Kva må personen som skal gi deg tilgang gjera?

Personen som skal gi tilgang må logga inn i Altinn og følgja ein enkel trinn-for-trinn guide.

  1. Vel verksemda di under "Alle dine aktører"
  2. Trykk på knappen "Profil" øvst i menyen
  3. Trykk på "Andre med rettar til verksemda"
  4. Vel "Legge til ny person eller virksomhet"
  5. Legg inn personnummeret og etternamnet til personen som skal ha tilgang
  6. Vel "Gi tilgang til enkelttjenester"
  7. Skriv «Stillingsannonser på arbeidsplassen.no», så vil alternativet komma opp som eit val. Vel «Stillingsannonser på arbeidsplassen.no». Denne tilgangen gir berre høve til å bruka arbeidsplassen.no sine rekrutteringstenester og ingenting anna.
  8. Bekreft

Les meir om tilgangsstyring i verksemder og finn skjermbilete her

Slik kan du skaffa deg tilgang - arbeidsplassen.no