IKT konsulent sikkerheit
Kommunane i Hallingdal samarbeider om IKT-løysingar, tufta på felles innkjøp og drift av datasenter, programvare, maskinvare, interkommunalt nettverk (WAN) og telefoni-/kommunikasjonssystem. Løysingane vert drifta av IKT Hallingdal, som har utvikla seg frå eit samarbeid mellom dei IKT-tilsette i dei seks kommunane i Hallingdal, til ein interkommunal fagteneste med 16 tilsette samt lærlingar. IKT Hallingdal driftar IKT-løysingar for 5 000 tilsette og elevar. Det vert levert tenester til kommunale og interkommunale verksemder og over 20 skuler i regionen.
Vi søkjer IKT Konsulent i 100 % fast stlling.
Arbeidsoppgåver:
- Ta initiativ til og delta i prosjekt for å verne om sikkerheita i kommunale system og verdikjeder. Prosjektleiing og styring etter PLP-modellen.
- Prioritering, gjennomføring og oppfølging av sikkerheitstiltak.
- Sette krav til og følge opp digital sikkerheit innanfor utvikling, forvaltning og drift av infrastruktur og fagsystem.
- Bidra med IT-sikkerheitskompetanse for tilsette/sluttbrukarar - i samarbeid med kundane sine ansvarlege for informasjonssikkerheit, systemeigarane og personvernomboda.
- Gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalyser for IKT-leveransar og i prosjekt der kundane skal skaffe seg nye eller endre eksisterande system.
- Dagleg drift av overvåkingsløysingar (trusselovervåking, monitorering av nettverk og infrastruktur).
- Dagleg drift av sikkerhetsprotefølje og nettverk (AV, FW, WAN m.v.)
- Ta del i andre driftsoppgåver ved IKT Hallingdal.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning, helst innanfor IKT/informasjonssikkerheit.
- Relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte krav om høgare utdanning
- Gode norskkunnskapar, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne.
Ynskjeleg erfaring med:
- Oppsett av brannmurreglar.
- Nettverk, slik som VLAN og oppsett av switch.
- Drift av autentiseringstenester som Radius og liknande.
- Produkt for endepunktssikring/klientsikring.
- Sikring av e-post (SPF, DKIM, DMARC)
- Integrering og bruk av sertifikat.
Vi ynskjer at du har:
- Gode kommunikasjonsevner med alle nivå i ein organisasjon, inkludert god dialog med både kunde/brukar so vel som teknisk personale
- Et fokus på å forstå behov og finne gode tekniske løysingar
- Nysgjerrighet på å lære meir om kva som gjer arbeidsprosessar enklare og sikrare
- Evne til å sjå heilskapen - skape logisk og effektiv arbeidsflyt ved bruk av tilgjengelege data.
Vi tilbyr:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i det største IKT-miljøet i regionen Hallingdal.
- Moglegheiter for utvikling i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø.
- Fagleg rettleiing og mogelegheit for vidareutdanning.
- Fleksibel arbeidsplass og arbeidssituasjon.
- God pensjonsordning i KLP med gunstige forsikringsordningar.
- Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass.
For stillinga gjeld:
- Løn og tilsetting i samsvar med arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og KS Hovudtariffavtale.
- Ved tilsettinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring.
Anna:
Aktuelle søkjarar blir innkalla til intervju. Attestar og vitnemål må takast med til intervjuet.
Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Gol kommune praktiserar meiroffentlegheit og det skal derfor gode grunnar til at søknaden ikkje skal vera offentleg.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.
Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.