Samfunnsplanleggar / arealplanleggar
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Om jobben
Stillingstittel
Samfunnsplanleggar / arealplanleggar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du den nye planleggaren vår?
Stryn kommune ønskjer ein god kollega og fagperson til vår planavdeling . Vi søkjer etter samfunnsplanleggar/arealplanleggar i 100% fast stilling. Planavdelinga med 6 tilsette ligg under etat for samfunnsutvikling. Kontorstad er kommunesenteret i Stryn.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsområde er kommunen sin arealdel og samfunnsdel, samt sakshandsaming av framlegg til reguleringsplanar.
- Arbeidsinnhald kan tilpassast søkjaren sine interesser og kvalifikasjonar.
- Rettleiing og kommunikasjon med utbyggarar, samt medverknad med innbyggarar er ein viktig del av arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule.
- Kjennskap til plan- og bygningslova og rettleiarar for kommunal planlegging.
- Erfaring med framstilling av digitale arealplanar vil vere ein fordel.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen sitt målføre er nynorsk.
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere
- Motivert for gode prosessar og framdrift
- Lagspelar som også kan arbeide sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr
- Trygg arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høyrest dette spennande ut? Steinar ventar spent på å høyre frå deg.
Kontaktinformasjon
Steinar Nesdal, Kommunalsjef samfunnsutvikling, 99506150, steinar.nesdal@stryn.kommune.noArbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4870297162
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2766928
- Hentet fra
talentech
- Referanse
99620ef241fd4c459bec5f327361a903