Assistent på sjukepleiaravdeling
Vi har ledig fast assistentstilling i avdeling for sjukepleie med vakter kvar 4. helg med todelt turnus. Stillinga er ledig frå 01.05.2019
Stillinga passar for deg som er interessert i menneske og vil lære meir om rehabilitering. Jobben består mellom anna i å bistå ved stell, følge til/frå og delta i pasientaktivitet. Du jobbar tett saman med sjukepleiar, men må òg ha evne til sjølvstendig arbeid. Du må ta livredningsprøve i basseng.
Vi har avtale med Helse Vest om både dag- og døgnrehabilitering, og har over 1300 pasientar til behandling årleg.
Kvalifikasjonar :
• Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
• Du må vere over 18 år.
• Du må beherske norsk skriftleg og munnleg.
Det vil kunne bli stilt krav om framlegging av politiattest før tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Vi tilbyr:
• Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø.
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Gode velferdsordningar
• Løn etter tariff til arbeidsgjevarorgansiasjonen Spekter
Arbeidsgjevar og arbeidsstad
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Haugland, 6968 FLEKKE
HEIMESIDE: ++www.rkhr.no++
Ynskjer du meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiande sjukepleiar Ellen Eiken på tlf 57 73 71 00 eller epost: ++ellen.eiken@rkhr.no++
SØKNADSFRIST: 28.mars 2019
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no
SØKNAD MERKAST:
<<Assistent>>
Om bedriften
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Institusjonen gjev tilbod om rehabilitering av pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta. Det medisinsk faglege teamet består av lege med spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom/ attføringskonsulent, idrettspedagogar og klinisk ernæringsfysiolog.