Er du vår nye pedagogiske leiar frå hausten 2020?
I Klepp kommune sine barnehagar er det ledige stillingar som pedagogiske leiarar. Det er 13 kommunale barnehagar i Klepp og alle arbeider for den autoritative vaksenstilen som betyr at alle barn skal møta tydelige og varme vaksne. Me utdannar tilsette til MarteMeo-praktikarar for å styrka relasjonsbygging og auka kvaliteten på lærings- og utviklingsmiljøet.
Klepp kommune satsar på tverrfagleg samhandling, mangfald og inkludering og tett samarbeid med foreldra. Me er også opptatt av godt språkmiljø og gode føresetnader for bruk av digitale verktøy.
Frå august 2020 vil vi ha fleire ledige stillingar som pedagogisk leiar, både faste stillingar og vikariat.
Krav:
- Godkjent barnehagelærar- eller førskulelærarutdanning
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språksnivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkarar med skandinavisk språk som morsmål (jf. barnehageloven § 18 a)
- Stillinga går inn under kommunale vilkår. Dei som får tilbod om stilling må framlegga politiattest, jf barnehageloven § 19. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader
Kvalifikasjonar
- Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
- Du er engasjert, løysningsorientert, målbevisst og framtidsretta
- Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
- Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel
- Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
- Du har fokus på nærvær
Personleg dugleik vil bli vektlagt.
Stillingsnummer: 20/21
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar.
Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.