Rådgjevar/arkeolog
Org. nr: 923721983 Stillingsident: 4217538998 Presentasjon av stillingen:
Seksjon for kulturarv er organisert i tre fageiningar, museum, fartøy og bygningsvern, arealplan og feltarkeologi, som er fordelt på tenestestadene Sandsli, Førde og Leikanger.
Seksjonen inneheld eit breitt kulturminnefagleg fagmiljø som dekker heile Vestland fylke. Vi er ein ny seksjon som er i vekst og utvikling. Vil du vere med i utforminga av kulturminnevernet i Vestland?
Arbeidsoppgåver
Arkeologisk feltarbeid og rapportering i samband med arkeologiske registreringar i Vestland fylke. Dei som vert engasjerte skal utføre sjølstendig feltarbeid med rapportansvar.
Rapportar skal skrivast på nynorsk.
Arbeide vil krevje reiseverksemd.
Kvalifikasjonar
Hovudfag/mastergrad i arkeologi.
Erfaring frå ulike typar arkeologisk feltarbeid, som maskinell sjakting, overflate/utmark og steinalderregistrering.
Erfaring med GIS, innmåling og Riksantikvarens database "Askeladden".
Det vert stilt krav om førarkort for bil.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer personar med fagleg engasjement som arbeider strukturert og har evne til å veksle mellom sjølvstendig arbeid og samarbeid i eit fagleg felleskap.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale.
Gode forsikrings og pensjonsordningar.
Bedriftshelseteneste.
Fleksibel arbeidstid.
Andre opplysningar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Kontaktinformasjon
Glenn Heine Orkelbog, fagleiar, 41530612
Arbeidsstad
Sandslihaugen 30
5254 Sandsli
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4217538998
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2020