Sommarjobb innan reinhald/heimehjelp og i vaktmeistertenesta
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb innan reinhald/heimehjelp og i vaktmeistertenesta
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Det er behov for ferievikarar innan reinhald/heimehjelp og i vaktmeistertenesta. Stillingane kan delast av fleire personar.
Innan reinhald/heimehjelp er det behov for tilkallingsvikarar som kan jobbe ved fråvær i tenesta gjennom heile året.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald: vask av kommunale bygg etter reinhaldsplan.
- Heimehjelp: Yte praktisk bistand til menneske som treng hjelp til å meistre daglege gjeremål i sin eigen heim.
- Vaktmeister: Vedlikehald av kommunale bygg og anlegg. Døme på oppgåver er grasklypping, beising, rydding m.v.
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel med førarkort klasse B og tilgang på eigen bil
- Fagbrev som reinhaldsoperatør eller innan handverk er positivt, men det er ikkje noko krav.
- Du må ha interesse for faget, og det er ønskjeleg med relevant erfaring
- Det er nødvendig med gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Me ser etter sjølvstendige, serviceinnstilte og samarbeidsvillig personar som har interesse for faget og ønskjer å gjere ein god jobb
Vi tilbyr
- Nødvendig opplæring
- Løn etter utdanning og erfaring
Søkjarar blir vurdert og kontakta fortløpande
- Kontaktperson reinhald/heimehjelp: Inga Sceliene, tlf 96833475
- Kontaktperson vaktmeister: Gunnar Melbye, tlf 99434308
Kontaktinformasjon
Inga Sceliene, reinhaldsleiar, +47 96833475Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4784963385
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2593993
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
27f3cd36de044de8ab613c04f5879bb6