Sommervikar ved Suldal Bu- og aktivitetstiltak
Er du på jakt etter sommarjobb? Me treng deg som er assistent, pleiemedarbeidar, helsefagarbeidar eller har anna relevant utdanning.
Suldal bu og aktivitetstiltak kan tilby deg som er over 18 år jobb i perioden mellom 22.06.2020 til 16.08.2020.
Me ber om at du spesifiserar i søknaden kva veker du ynskjer å arbeida.
Suldal bu- og aktivitetstiltak er ei eining som gir tilbod til menneske med ulik grad av psykisk og fysisk utviklingshemming.
Eininga består av dagsenter, 3 boligar og ein avlastning for born.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand i bustad/dagsenter for menneske med utviklingshemming.
- Arbeid i turnus: kvardag og helg.
- Du får opplæring og arbeidar både sjølvstendig og i team.
Kvalifikasjonar
- Du må vere interessert, fleksibel, lojal og påliteleg.
- Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarande arbeid.
- Dlle søkjarane må ha gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
Generelt/Søknad sendast
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja digitalt. Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan vert offentleggjorde.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med Servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Frå 01.01.2017 skal alt personell som yt helse- og omsorgstenester i Suldal kommune leggja fram politiattest ved tilbod om stilling. Politiattesten skal visa om vedkommande er sikta, tiltalt, pålagd førelegg eller dømd etter straffelova, og politiattesten kan ikkje vera meir enn 3 månadar. Visar til Helse- og omsorgstenestelova §5-4 og §5-4a.
BONUS
For turnusstillingane i pleie og- heimetenestene og på sjukeheimen har Suldal kommune eige avløningsreglementet for ferievikarar. Dei søkjarane som kan jobba flest veker, vert føretrekte. Det vert gjeve eit tillegg på kr. 1000,- for 4. veka. Deretter kr. 2000,- pr veke f.o.m. 5. veka. Bonusen gjeld berre heile veker.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.