lærarar/Pedagogstillingar
ÅSERAL KOMMUNE
oppvekst og levekår
Bli med å gi barn ein fantastisk start på livet gjennom verdas viktigaste jobb
Stillingar ved Åseral barne- og ungdomsskule
Skulens grunnleggande tanke er tryggleik, trivsel og læring. Skulen har fokus på elevanes trivsel og jobbar for ein skule utan mobbing der elevane kan lykkast med sitt individuelle dannings – og kvalifiseringsoppdrag. Skulen jobbar med:
• Leiing på alle områder
• Kritisk konstruktive elever
• Læringsfremmande åtferd
• Grunnleggjande dugleik – lesing i fokus
• Tilpassa opplæring
• Vurdering for læring
Avhengig av endeleg organisering komande skuleår kan stillingar ved skulen bli ledige. Vi treng lærarar som vil vere med på laget for å utvikle skulen vidare. Dei som vert tilsett kjem inn i eit fellesskap med svært mange dyktige tilsette, men det er stadig behov for nye impulsar for å føre utviklinga vidare.
Vi tilbyr:
• Spanande arbeidsoppgåver i ein utviklingsretta og lærande organisasjon
• Godt arbeidsmiljø, gode fagmiljø med mogelegheit for kompetanseutvikling
• Mogelegheit for å påverka barn og ung sin oppvekst og læring
• Rettleiing for nyutdanna
• Løn over gjeldande tariff
Vi søkjer medarbeidarar som:
• Har evne til å skape gode relasjonar
• Har evne til å leie tydeleg, strukturert og forutsigbart
• Er gode rollemodellar
• Er fleksible og har endringskompetanse
• Er brennande engasjert
• Godkjend utdanning som lærar
• Har erfaring med arbeid som lærar
• Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
F.o.m. 1.08.20 kan følgjande stillingar bli ledige ved Åseral barne- og ungdomskule, SFO:
• Pedagogstillingar
Stillingar, faste og vikariat, kan bli ledige. Spesielt aktuelle fag: Engelsk og tysk. Andre fag kan og bli aktuelle.
Aktuelle funksjonar: kontaktlærar.
Personlig eigenhet vil bli vektlagt.
Fleire av stillingane kan kombinerast, og ein ønskjer i utgangspunktet ikkje mindre enn 80 % stilling.
Løn og tilsetjing etter kommunale avtalar og tariff.
Søknad og CV vert å senda ved å nytta elektronisk søknadsskjema på kommunen si heimeside, www.aseral.kommune.no Det må koma tydeleg fram kva stilling som vert søkt. Dersom søkjar ikkje har tilgang på nett, eller treng hjelp til søknaden, kan ein venda seg til Åseral servicekontoret ( tlf. 38 28 58 00 ) og få hjelp.
Rettkjende attestar og vitnemål vert teke med i eit eventuelt intervju.
Ved tilsetjing må det leggjast fram tilfredsstillande politiattest.
SØKNADSFRIST: 20.03.2020
Spørsmål om stillingane kan rettast til einingsleiar skule/rektor Magnus Sæmundsson, mobil 45402186