Psykiatrisk/geriatrisk sykepleier 50%
Org. nr: - Stillingsident: 4192936105 Presentasjon av stillingen:
Helse Fonna er i ein organisasjonsutviklingsprosess. Alderspsykiatrisk eining og geriatrisk avdeling blir då slått saman til ei avdeling. Denne stillinga vil då bli definert inn i eldremedisinsk døgnpost under medisinsk klinikk.
Stillinga er nå i alderspsykiatrisk døgnpost, i turnus dag/kveld. Alderspsykiatrisk eining har ein døgnpost og ein polikinikk og er organisert i seksjon for spesialisert behandling Haugesund, i klinikk for psykisk helsevern. Døgnposten er ei utgreiingsavdeling for personar over 65 år med psykiske lidingar, kognitiv svikt og andre samansette problemstillingar.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphold.
- Arbeid på post, undervisning og rettleiing, tverrfagleg samarbeid.
- Yte god omsorg for pasient og dei pårørande
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar
- spesialisering innan psykiatri eller geriatri
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Praktisk
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Engasjert
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Lojal
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
- Konkurransedyktig pensjonsordning.
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Turid Mattson, Funksjonsleiar, 52732731
Arbeidsstad
5528 Haugesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4192936105
Stillingsprosent: 50,00%
Fast
Startdato: 06.04.2020
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.