Traineestillingar for sjukepleiar
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune har ledige stillingar for trainee- sjukepleiarar frå hausten 2021. Kommunen har frå 2017 hatt eige trainee-program for nyutdanna sjukepleiarar.
Trainee-sjukepleiarane vert tilsett i 100% fast stilling. Arbeidstida vil i hovudsak vera turnus med arbeid kvar 3. helg.
Trainee-sjukepleiarane vil bli del av eit trainee-program som inneheld fagdagar, oppfølging og sjukepleiefagleg
rettleiing. I løpet av 2 år vil ein ha arbeid på 3 ulike arbeidsstader med ca 8 månader på kvar arbeidsstad. I løpet av 2 år
vil ein då få brei erfaring frå ulike områder innan fagfeltet.
Etter fullført trainee-program vil den faste stillinga bli tilknytt ei eining innan sektor for omsorg, helse og sosial.
Vi søkjer personar som
- Er nyutdanna sjukepleiarar og som ynskjer fagleg og organisatorisk strukturert oppstart på yrkeslivet.
- Ynskjer faglege utfordringar og variasjon i arbeidet.
- Er systematisk, sjølvstendig og løyingsorientert.
- Er engasjert og lærevillig.
Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar og motivasjon tilleggjast stor vekt.
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar.
Søkjar må ha sertifikat klasse B.
Vi tilbyr
- Trainee-program med oppfølging og rettleiing.
- 100 % fast stilling til deg som nyutdanna.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.