Primærhelseteam - sjukepleiar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Austevoll kommune har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar - knytta til primærhelseteam.
Primærhelseteam er eit pilotprosjekt der sjukepleiar arbeidar på legekontoret i team med fastlege/helsesekretær og tek over nokre av arbeidsoppgåva til fastlegen. Hovudoppgåve for denne stillinga er arbeid med eldre og andre grupper av kronisk sjuke. Arbeidet inkluderar helsekontrollar, oppfølging av medisin, deltar i kommunale team, heimebesøk med meir. Må også delta i det øvrige arbeidet ved legesenteret.
Utdanning:
Sjukepleiar
Førarkort kl. B
Praksis:
God kjennskap til eldreomsorga og tenester for eldre i Austevoll kommune.
Anna/personlege eigenskapar:
Må vere særs fleksibel, gode kommunikasjons- og samarbeidsevne. Kunne arbeide sjølvstendig og bidra til fagutvikling. God fagkunnskap.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Inger Uglenes, Tlf: +4747838184, Nordre Haugland 13
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.