Servitør og resepsjon
Vi på Bessheim søkjer etter tre-fire servitørar som kan jobbe heile sesongen frå 10. juni til 10. oktober 2022. Når vekomande har vorte godt kjend her så er det moglegheit for opplæring i resepsjonen. Ungdommeleg, og til tider hektisk miljø. Må kunne norsk og engelsk og vera god til å samarbeide. Kan ikkje vera redd for å ta eit tak i oppvasken. Mange internasjonale gjestar gjennom sommaren, og stort sett nordmenn på hausten.
Om bedriften
Bessheim Fjellstue ligg i Vågå Kommune i Jotunheimen. Vi har 180 senger fordelt på 27 hytter og 27 rom. Campingplass. Matservering. Frokostbuffet, a la carte og treretters middag eller buffet kvar kveld. Det er 7-8 tilsette på vinteren og omlag 25 tilsette om sommaren. Sesong frå 1. februar til 5. oktober kvart år. Dei fleste turistane som kjem hit gjer det for å gå i fjellet, anten til fots eller på ski.