Psykisk helsearbeidar
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykisk helsearbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. mars
Bu -og miljøtenesta i Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som psykisk helsearbeidar og/eller med spesialisering i rusarbeid frå 01.05.2025. Tenestestad Psykisk helseteam oppmøtestad Nordfjordeid. Stillinga er dagarbeid med 37,5 timars veke med fleksitid.
Psykisk helseteam er eit hjelpetilbod til menneske som av ulike årskar har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskeleg livssituasjon, psykiske lidingar og/eller ruslidingar. Psykisk helseteam skal gje hjelp ut i frå den einskilde sitt behov, ressursar og mål. Arbeidet skal fremje livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for individuell oppfølging og behandling
- Kartlegge og vurdere behov og risiko
- Tverrfageleg samarbeid med andre instansar
- Samarbeid med pårørande/nettverk
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Rettleie studentar og andre
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitet- eller høgskulenivå med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rusarbeid
- Bør ha vidareutdanning innan ei eller fleire terapiformer, til dømes kognitiv terapi og emosjonsfokusert terapi
- Gjerne også andre relevante vidareutdanningar og/eller kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort og kunne disponere bil
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å etablere gode relasjonar
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid og eigenutvikling
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
- Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
- Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
- Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Marie Bakke eller assisterande einingsleiar Ann Charlotte Jansson
Kontaktinformasjon
Marie Bakke, Fagleiar Bu- og miljøtenesta, 400 22 692, marie.bakke@stad.kommune.noArbeidsstad
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4918952457
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864260
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c9281f1aca8b42f097c2ff85184a287e