Tannpleiar
IDI - Lindås tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Kolåsvegen 5, 5955 Lindås, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannpleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. februar
Vest tannhelseområde har ledig 50% fast stilling som tannpleiar. Oppstart 07.04.25
Tenestestad er for tida Lindås tannklinikk. Klinikken har til saman 8 tilsette: 3 tannlegar, 3 tannhelsesekretærar og 2 tannpleiarar. Tannklinikken er lokalisert i Lindås Nærsenter, som ligg ca 5 mil frå Bergen sentrum.
Som tannpleiar ved Lindås tannklinikk, kan ein rekne med å få spanande og varierte arbeidsdagar med behandling av pasientar i alle prioriterte grupper, samt vaksne, betalande pasientar. Tannklinikken har tett fagleg samarbeid med dei andre klinikkane i klinikkområdet.
Arbeidsoppgåver
- jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
- klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
- halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
- delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
Kvalifikasjonar
- søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar
- søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
- den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
- er positiv og serviceinnstilt
- har gode kommunikasjonsevner
- har gode samarbeidsavner
- har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr
- ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- løn etter gjeldande tariff
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Harald Isdal Kvamme, Klinikkleiar (tannlege), 91750454, Harald.Isdal.Kvamme@vlfk.noAgnete Norheim Kaldestad, Områdeleiar tannhelse, 41644936, Agnete.Norheim.Kaldestad@vlfk.no
Arbeidsstad
Kolåsvegen 55955 Lindås
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4910448638
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 17.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2849408
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dfdb804725e0458b8a59edf7f6a7e644