Undervisningsstillingar 2019/2020
Kort om stillinga
Frå 01.08.19 treng vi fleire lærarar ved skulane våre, både i heile stillingar og i timelærarstillingar. Det blir tilsetjing i
både faste stillingar og i vikariat.
Om arbeidsstaden
Vi har 4 barneskular og 1 ungdomsskule som er spreidd rundt om i kommunen. Frå 01.01.2020 vert vi ein del av Alver kommune og alle skulane i den nye kommunen vert samla i felles oppvekstsektor. Dersom du har undervisningskompetanse i grunnskulen, og vil jobbe i eit engasjert og kvalitetsbevisst fagmiljø ved ein av skulane våre, ønskjer vi å høyre frå deg. Gå i såfall inn på heimesida vår og du vil finna fullstendig lysing, opplysnigar om skulane, organisasjonen og kommunen vår. Du vil vidare kunna fylla ut og levera søknad på digitalt.
Kompetanse
Viser til opplæringslova § 10-1 som omhandlar kompetansekrava i grunnskulen. Detaljerte krav er fastsett i kapittel 14 i
forskrift til opplæringslova. For å undervise i norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet krevst det at du har har
minst 30 studiepoeng som er relevante for faget. For å undervise i norsk, matematikk eller engelsk på ungdomstrinnet
krevst det at du har minst 60 studiepoeng som er relevante for faget. For å undervise i andre fag på ungdomstrinnet
krevst det at du har minst 30 studiepoeng som er relevante for faget. Dette gjeld ikkje for valfaga, utdanningsval og
arbeidslivsfag.
Ved utfylling av CV bed vi deg om å fylle inn undervisningskompetansen din under undervisningsfag, slik at vi får best
mogeleg oversikt over din fagkompetanse. Du vil under utfylling av søknad få høve til å krysse av kva skular du er mest
interessert i å arbeide ved.
Me søkjer
Radøy ungdomsskule:
Kontaktlærar 100 % stilling med 60 st.p. i engelsk
Kontaktlærar 100 % stilling med 60 st.p. i norsk, engelsk eller matematikk
Spesialpedagog 50 % stilling opp mot ein spesialelev
Manger skule:
Lærarar med spesialpedagogikk
Vi ser etter lærare som:
- er tydlege klasseleiarar som skaper gode relasjonar, etablerer gode læringskulturar og får gode læringsresultat
- samarbeider godt med barn og vaksne
- er løysingsorientert
- har god arbeidskapasitet
...og ikkje minst brenn for læraryrket!
Vi kan tilby
- eit godt, utviklande og inkluderande arbeidsmiljø
- lønn- og tilsetjingvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Politiattest
I tråd med opplæringslova vert det krav om politiattest ved tiltrede.
Du kan sende søknad slik
Send søknad elektronisk via Visma rekruttering. Bruk portalen på www.radoy.kommune.no under ledige stillingar.
Attestar og vitnemål kan du laste opp til søknaden eller du tar dei med til eit eventuelt jobbintervju.
Ta kontakt med sørvistorget tlf 56 34 90 00 viss problem med å registrere deg som søkar.
Om bedriften
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg om lag 30 minutt med bil frå Bergen sentrum, og har god kollektivdekning med både buss og båt.For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene våre, treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.